Julegaven 2014

SpareBank 1 Hallingdal Valdres gir årets julegave på 70.000 kroner til frelsesarmekorpsene i Hallingdal og Valdres.

Banken har lang tradisjon for å gje ein gåvesjekk i julegåve til ein veldedig organisasjon. Dette gjer dei i staden for å bruke pengar på gåver til kundar og forretningspartnarar.
Mottakar av årets julegåve er Frelsesarmeen i Hallingdal og Valdres, og gåva er
på kr 70.000. - Me er opptatt av at julegåva frå SpareBank 1 Hallingdal Valdres skal gjera ein forskjell for dei som treng litt ekstra, seier avd.banksjef i Valdres,
Bodil Rudlang.


- Frelsesarmeen gjer ein fantastisk jobb for nokre av dei svakaste gruppene i
samfunnet, og har mange flotte tiltak i begge dalføre, kommenterer Espen
Karlsen, avd.banksjef i Hallingdal.

Stor aktivitet
Frelsesarmeen i Hallingdal har nettopp bygd nytt hus på Gol, og er svært
glade for julegåva frå banken. - Det nye bygget vårt blir svært viktig i mykje av arbeidet me gjer, og denne pengegåva gjer at me raskare får alt på plass, seier leiar i Frelsesarmeen i Hallingdal, Marta Maria Espeseth. - Me har aukande aktivitet og mykje fokus på barne- og familiearbeid, matformidling, samtalar og kulturarbeid. Dette gjer at me også har behov for større og meir fleksibelt hus, seier Espeseth. Den totale kostnaden med huset er nærare 5 millionar kroner.

Også i Valdres er det stor aktivitet hjå Frelsesarmeen, og dagane før jul er
spesielt hektiske. Magnhild Løkka, leiar i Valdres, er ingen ungdom lenger, men engasjementet er det ingenting å seie på! - Me styrer på med juleverkstad, innsamling i grytene, mathenting på Kiwi og mykje meir, seier Løkka, som også er svært glad for gåva frå banken.

Praksis i Hallingdal

Karin Morell er i gang med offiserutdanning i Frelsesarmeen, og har for tida praksisplass i Hallingdal. Morell har vore innom fleire avdelingar og seier ho er imponert over aktivitetsnivået og engasjementet i Hallingdal. - Eg har lært svært mykje, og ser at behovet for at me framleis gjer ein jobb for dei svakaste gruppene i samfunnet er av avgjerande betydning, seier Morell.

Om eitt år er ho ferdig med den 2-årige utdanninga, og klar for å tenestegjera
som offiser.