Kundenes valg til forstanderskapet

Fylgjande valmøter vert haldne:

  • I banken i Hemsedal: torsdag 9. februar 2017 kl. 09.00
  • I banken i Gol: torsdag 9. februar 2017 kl. 10.30
  • I banken i Ål: torsdag 9. februar 2017 kl. 12.00
  • I banken på Heggenes: torsdag 9. februar 2017 kl. 15.00

 

Forstandarskapet skal ha 25 medlemmer med 12 varamedlemmer. 9 medlemmer og 4 varamedlemmer skal veljast av og blant sparebankens kundar. 6 medlemmer og 3 varamedlemmer skal veljast av og blant dei tilsette. 10 medlemmer og 5 varamedlemmer skal veljast av eigarane av eigenkapitalbevis.

På val i år er 1 medlem frå valkrets Gol og 1 medlem frå dei ”frie” medlemmene.

 

Dette skal veljast på valmøta 9. februar:

  • Frå Gol: 1 medlem
  • «Fritt» medlem: 1 medlem

Medlemmer og varamedlemmer til forstandarskapet skal veljast for 4 år.

Det er kun Sparebankens myndige kundar som er stemmeberettiga ved val av kundanes medlemmer til sparebankens forstandarskap. Kvart kundeforhold gir èi stemme når noko anna ikkje følger lova eller vedtektene.  

Sparebankens kundar kan veljast som medlem eller varamedlem til sparebankens forstandarskap som representant for kundane. 

Ein kunde er ein myndig person som enten har innskot eller utlån eller begge deler i SpareBank 1 Hallingdal Valdres. Kundeforholdet må minimum ha eksistert i 6 månadar og med samla beløp på minimum kr 10 000,-.

Kundar har stemmerett og skal avgje stemme på møtet i banken i den kommune der dei bur eller har sitt virke.

Kundar med stemmerett kan fremme forslag på kandidatar. Forslaga må vere overlevert til lokalbanken v/ Sigrid Anna Grøthe innan 1. februar 2017.

Forslaget må framsetjast skriftleg og skal innehalde kandidatens namn, fødselsår og fullstendig adresse. Det skal gå fram av forslaget kven som er forslagsstillar.

Valkomiteen utarbeider ei valliste på grunnlag av innkomne forslag og eigne vurderingar. Det er ikkje mogleg å stemme på andre kandidater enn valkomiteens innstilling. Framlegget frå valkomiteen til nye medlemmer og varamedlemmer blir framlagt i banklokala og på banken si heimeside (sb1.no) frå 2. februar 2017, samt liste over noverande medlemmer og varamedlemmer.

 Kundar som vil delta i valet melder frå i banken seinast 7. februar 2017.

 Ove Skaret

Leiar i forstandarskapet