Vi bankar for Norddalen

Dovregubben junior

Sjøkrabbe Eivind Wolden hadde aldri vore i høgfjellet før han landa i matfatet Dovrefjell. Han har knapt vore under tregrensa sidan.

Nokre kokkar kjenner fjelleventyret kalle. Eivind Wolden høyrde skipsklokka på Color Fantasy kime. Men med tilbod om lærlingsplass på Kiel-ferga på bordet, lyfta ungguten frå Holmestrand brått blikket.

– Brått hamna eg her på Dovrefjell i staden, seier 19-åringen.

– Blir vel knapt meir annleis enn Kiel.

I nabolaget beitar moskus tøffare enn toget. På menyen står fjellaure og hjortevilt som aldri har kryssa ei kommunegrense,. I kjellaren gjærar handverk frå Noregs minste bryggeri. Utanfor kjøkenglaset lokkar sjølve nasjonalfjellet. Fort gjort å bli fjellfrelst i slike omgjevnader?

– Eg er ikkje av dei som vaks opp med fjellturar, friluftsliv og sjumilsstøvlar, fortel lærlingen med kjøkenbenk 1007 meter over havet.

– Likevel har eg knapt vore under tregrensa att sidan eg kom hit opp for to år sidan. Furuhaugli kunne vel knapt fått betre skussmål som lærestad enn det?

På Opplæringskontoret Brimi-Kjøken er Bjørg Vole stornøgd med at nok ein lærling har lete seg trollbinde. Kombinasjonen eventyrleg fjellheim og læretid i kvalitetsbevisst reiseliv har vist seg å vere ei suksessoppskrift. Nokon eremitt på Dovrefjell blir Eivind heller ikkje.

– Vi har lærlingar frå heile landet spreidd over heile Nord-Gudbrandsdalen, og er sjølvsagt veldig opptekne av at dei knyter eit nettverk mellom seg, fortel Bjørg Vole.

Samstundes nyttar ho høvet til å syne både lokale og himmelfalne lærlingar kor dei er i landet. Rafting i Sjoa, topptur til Galdhøpiggen, moskussafari på Dovrefjell, klyving opp Besseggen og nær fritt fall i Brimi Klatrepark. Hadde ein ikkje visst betre kunne læretida i Nord-Gudbrandsdalen til forveksling minne om friluftslina på ein folkehøgskule?

– Slett ikkje! Arbeidsinnsatsen og alle dei faglege utfordringane gjer lærlingetida til alt anna enn friår, ivrar Vole.

– Årsaka til at vi tek lærlingane med på så mange aktivitetar er at vi vil dei skal kjenne den unike naturen og kulturen i Nord-Gudbrandsdalen på kropp og i sinn. Dei fysiske utfordringane utløyser dessutan meistring, samhald, medvit og trivsel. Vi er og temmeleg trygge på at opplevingane aukar sjansen for at lærlingar vel å busette seg her i framtida.

På Dovrefjell har byguten Eivind vore med på matauk i aurevatn og jaktterreng, stirra moskusen i kvitauga, kome på godfot med Kong Vinter – og sjølv vorte ein ølhund av rang: Med Noregs minste bryggeri innomhus og ein mentor i Stein Pedersen som brenn for alt fjellet byr på av råvarer og opplevingar frå øvste hylle, er det knapt til å unngå å få smaken på framifrå
handverk.

– Brattare læringskurve enn på Dovrefjell skal du leite svært lenge etter, nikkar Dovregubben junior.

Så får heller Color Fantasy seile sin eigen sjø.

FURUHAUGLI TURISTHYTTER

  • Serverings- og overnattingsstad på Dovrefjell med høg del ureist fjellørret og vilt på menyen
  • Furuhaugli tilbyr moskussafari både sommar og vinter
  • Noregsitt minste bryggeri finn du på Furuhaugli – med kvalitet like høg som beliggenheita
  • Furuhaugli er ope året rundt – og har fire nasjonalparkar omtrent i gåavstand

LÆRLINGKONTORET GUDBRANDSDALEN

  • Tilbyr læreplassar innan ni ulike fagretningar – mellom dei reiseliv
  • Legg til rette for praktisk og teoretisk kunnskap gjennom læretida i Nord-Gudbrandsdalen
  • Er eit aktivt bindeledd mellom lærlingar, lærlingbedrifter, skular og det offentlege
  • Byr lærlingane «solid fagleg oppfølging og kulturell innføring i eit av Norges vakraste naturområde»
  • www.laerlingkontoret.no
Video placeholder image

VI BANKAR FOR NORDDALEN

Sparebank 1 Lom og Skjåk er aktivt til stades med avdelingar i heile Norddalen – og er jælma begeistra over alle drivande dyktige folk, solide føretak, nyskapande initiativ og suksessrike verksemder som møter oss i Lesja, Dovre, Vågå, Lom og Skjåk. Vi bankar for Norddalen er meint som både takk, heiarop og augeopnar for ein region breddfull av kvalitet og moglegheiter – som vi er stolte av å banke for.

Vil du og ha bank? Iren ser gjerne innom deg for ein trivelig prat om du har #kaffiogbiteti!

IREN NYSTUEN

  • Fjellgeit og ølhund med nase for gode råvarer
  • Jælma begeistra for driftige turistverter på Dovrefjell
  • Kundekonsulent i Sparebank 1 Lom og Skjåk med Dovre og Lesja som arbeidsområde
  • Kontakt: in@sb1ls.no / 414 15 641

 

 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }