Vi bankar for Norddalen // Hubertus

Suksessformelen

Bryggmeister frå Nederland, øltradisjonar frå Belgia, skulebygg på Dovre og ein uvanleg rik språkflora: Norddalen har alle ingrediensane til potent brygg. 

Han skulle berre visst, den legendariske rektoren ved nedlagte Skeievoll skule på Dovre. At gymsalen hans er bygd om til bryggerihall. At rektorkontoret har vorte soverom for bryggmeisteren. At den strenge avhaldsmannen sjølv har fått ein øl kalla opp etter seg:

– «Rektor»  er det strengaste ølet eg bryggjar, seier Huub Huijs, nederlendaren som flytta til Dovre for å tappe belgisk øl:  

– Det ligg mykje tradisjon i europeisk ølbrygging, og mange spanande historier i Dovre. Kvar gong eg utviklar ei ny øltype, går eg lange rundar for å finne eit namn og ei historie som står godt til smaken.

JÅLBUKK. Julbukk. Grøftøl. Hafelløl. Dovre Wit. Olaf (med etternamn Heitkøtter). Og altså Rektor: At integreringa på Dovre er vellukka, må ein trygt kunne seie når ein hollender kjem opp med ølnamn som lokkar fram latteren. Sjølv har ordsmeden for tida hendene og (stål)tankane fulle med utviklinga av sin fyrste pils.

– Av omsut for kundane, ikkje fordi eg vil bryggje pils, presiserer handverksbryggjaren.

Då er Hubertus langt meir entusiastisk for den komande lettølen Tynnøl. Oppkalla etter ein av dei eldste gardane på Lesja, inspirert av soga om skottetoget som i 1612 hadde slik ei framferd at bonden på Tynnøl i raseri felte bordplåta dei festa og åt ved ned i golvet slik at alle besøkjande i 400 år har trakka på ho.

Slike soger må det berre bli øleventyr av.

LESKING PÅ LESJA. To tome hender. Ei bok om heimebrygging. 100.000 kroner i banklån. Der har du byrjinga på askeladdhistoria om Huub Huijs. I dag eit fullskala industrieventyr med særs rik ettersmak: Etter å ha starta mikrobryggeri i kjellaren på Lesja Gjestgiveri og blitt overraska av kvaliteten, byrja tankane å gjære i hovudet til vår hollandske helt då sjarmerande Skeivoll skule på Dovre vart lagt ut for sal. Snart var skulen kjøpt, gymsalen isolert, lasterampe på plass, fjellvatn henta frå eigen brønn, og investeringer for to millionar kroner i speglblanke ståltankar, røyr og ventilar skrudd saman til ein tørsteslukkar av dimensjonar.

1000 liter øl tappar Hubertus kvar veke. Fire millionar kroner omset han for i året. Klart ein slik kar fortener bank.

BANKAR FOR DOVRE. – Utan Sparebank 1 Lom og Skjåk kunne eg ikkje bygd opp dette. Dei har vore med på kvart nytt utviklingstrinn like frå starten. Banken var og ein føresetnad for delfinansiering frå Innovasjon Norge, seier Hubertus.

Han sender ein skål i retning heidersgjest Iren Nystuen – bankkontakten som og har vist seg å vere ein kunnskapsrik ølhund:

– Som lokal bank med inngående kjennskap til heile Norddalen, tør vi å ta meir risiko på dei gode prosjekta, seier Nystuen:

– Sjå alle fjøsa som reiser seg oppetter dette dalføret. Viss ikkje vi som lokalbank hadde gått inn med finansiering hadde denne næringsutviklinga aldri blitt realisert.

SÅ GJØR VI SÅ. Medan ølhundar frå Stavanger til Hammerfest smattar nøgd over brygget frå dei delikate brune flaskene, er gründerlivet på Dovre ingen fest. Brygging to dagar kvar veke. Tapping ein. Så utkøyring på torsdag, kontordag og reingjering på fredag. Veke ut og veke inn.

– Monotont? Eg elskar kvar einaste arbeidsoppgåve, smiler Hubertus medan treskestøvet står.

Det inkluderar utviklinga av ein særs karakteristisk visuell profil, der logo, grafisk design, flasker, nettside og historiene rundt dei ulike øltypane er skrudd like solid saman som dei trekanta trekassene årets julegåveslager blir levert i – med ti flasker Hubertus og eit solid ølglas i midten.

EIN JUNGEL DER UTE. Bryggerinæringa har på få år vorte ein viltveksande jungel, der nye småbryggeri stadig sprett opp og for ein periode kaprar nysgjerrige kundar. Med femårsjubileum rundt hjørnet har Hubertus overlevd dei alle – og er krystallklar på suksessoppskrifta vidare: 

– Mange spør om eg skal utvide produksjonen, men svaret er nei. Siktemålet er no heller å klare å halde jamn, toppkvalitet heile vegen.

Så spørs det då, om den kreative handverksbryggaren frå Holland klarar å halde seg unna nye stunt.

HOPP I DET. Bakom den sjarmerande, gamle skulen kor bryggerifamilien Huijs held hus i uisolerte klasserom, tronar enno eit landemerke.

– Eg vil tru vi er verdas einaste bryggeri utrusta for prøvesmaking og skihopping, seier Huub og nikkar mot unnarennet.   

– Tek du sikte på bakkerekorden?

– Neeeei, Hubertus dreg på det:

– Eg har hoppa frå Nederland til Norddalen. Kasta meg ut i ølbrygging og gründerskap. Sett nedslag med bryggeri i ein gamal skule. Kan hende får det vere satsing god nok?

HUBERTUS PÅ DOVRE

  • Handverksbryggeri bygd på belgiske tradisjonar
  • Bygd opp og drifta av nederlandske Huub Huijs
  • 11 ølsortar med særprega profil bygd opp kring lokale namn og uttrykk
  • Ein tilsett og omsetnad på fire millionar
  • www.hubertusbryggeri.no

VI BANKER FOR NORDDALEN

Sparebank 1 Lom og Skjåk er aktivt til stades med avdelingar i heile Norddalen – og er jælma begeistra over alle drivande dyktige folk, solide føretak, nyskapande initiativ og suksessrike verksemder som møter oss i Lesja, Dovre, Vågå, Lom og Skjåk. Vi banker for Norddalen er meint som både takk, heiarop og augeopnar for ein region breddfull av kvalitet og moglegheiter – som vi er stolte av å banke for.

Vil du og ha bank? Iren Nystuen ser gjerne innom deg for ein trivelig prat om du har #kaffiogbiteti!


Klikk for video om bryggmeisteren på Dovre: 


Iren Nystuen

  • Ølhund med nase for gode råvarer
  • Jælma begeistra for driftige bønder og livskraftig landbruk i Norddalen
  • Landbruksansvarleg i Sparebank 1 Lom og Skjåk med Dovre og Lesja som arbeidsområde.
  • Kontakt:
    • in@sb1ls.no
    • 41 41 56 41