Kjell Ola - februar

Den utfordringa skal eg ta, Gunnar, men eg måtte tenkje meg godt om før eg kom fram kva for ein tur eg skulle skildre.

Turen går til Kvitingskjølen, vestre, 2.060 moh.  Det er ein tur eg i mange år har gjort minst ein gong kvar vinter, ofte nokså tidleg på vinteren.  Turen startar ved Soleggen fjellstugu, nå leirskule eigd av Steinerskulen.  Du tek av frå R15 øvst i Vårdalen der det er skilta til Soleggen fjellstugu (bomveg). 
Frå riksevegen til fjellstugu er det om lag 6 km.  Du parkerer 200-300 m nedanfor fjellstugu der vegen tek av til Solhell.  Det er også mogleg å parkere på fjellstugu. Og namnet Solhell; her har det dessverre kome inn feil skrivemøte på kartet dei siste åra.  Namnet kjem av solhelling, Solhell, men feil skrivemåte, Solell, har dessverre snike sig inn.

sb1ls-turtips-kjellola2

Vegen til Solhell er ikkje brøytt så du må ta på skia desse få hundre metrane nedanfor fjellstugu.  Skiløypa fylgjer stort sett vegen innover til Solhell.  Løypa går opp Veslelia og svingar innover mot Stordøkta.  Etter å ha passert Stordøkta, kjem du til ein plass lokalkjente kallar for «Slaktarplassen».  Tidlegare stod det att restar etter reinsslakting her, men det er naturleg nok fjerna.  

Nå har du ikkje langt att til Solhell.  Du kjem til ei lita skråhelling som blir kalla Kleiva, og når du rundar der, ser du inn i Solhell, ja, du står i Solhell.  Som liten vart vi fortalt at dette er den seterstulen i Noreg som ligg høgast over havet, men det har ikkje eg sjekka.  Det er ikkje lenger aktiv setring i Solhell, men det ligg nokså mange hytter spreidd i området.  Om sommaren er det bilveg heilt inn til Solhell.

Med det same du er i Solhell, har du også passert gjelet du dei siste 100-metrane har hatt nedanfor deg. Da tek du av og held deg på austsida innover og har nå nokre kilometer med nokså flatt terreng.  Du vil da «møte» ein reinstrå som du passerer på austsida. Dette er ein reinstrå som er brukt kvart år for å samle tamreinflokken i Lom for slakting og teljing av rein.  Nå er du på Skjenarvollan. På kartet vil du sjå at det går veg også vidare innover her, men den er heller ikkje på sommaren open for almen ferdsel.  Fylgjer du om lag vegen innover, vil du koma forbi minnesmerke etter Baltzer Raadsbakken. Eg vil tilrå og ta ein stopp og lese diktet som står på minnesmerket – til ettertanke og for å tenkje på forskjellen på bruken av fjellet før og nå.

Nå nærmar du deg høgfjellet og kan ta peiling på Krokågjelet og fremst i det gjelet (fremst i gjelet; altså langt nede i gjelet, mot vest her. Starta du nokså tidleg på dagen frå Soleggen og har klart, kaldt og fint vinterver, vil du nå kjenne at sola tek til å bli god. Fremst i Krokågjelet er det fint å ta ei god pause.  Sola er ofte god, du kan sitje med andletet mot sola og kose deg medan du et.  Utsikta er også flott frå her, og ikkje sjeldan kan du høyre rupa skrattar i lia bak deg. Dessutan er det godt med kvil og mat før du tek til på dei siste om lag 500 høgdemetrane til toppen. Eg går oftast tidleg ut av gjelet og på sørsida av det oppover, men held meg alltid nord for Rupknubben. Ein stad mellom 1.800 og 1.900 meter går eg enda litt lenger sørover, nesten ut på ryggen, og ruslar nordaust bortover mot toppen. Heilt på slutten er det ofte mykje skavlar og halvskralt skiføre, men stort sett heilt greitt å gå på ski. På toppen blir du honorert med ei fenomenal utsikt.

Noko av det som er fint med denne turen, er at det ikkje er rasfare. Når du skal ned att same vegen, er det derfor berre å «leite etter» beste skiføret nedover lia og gjelet.  Sjølv har eg hatt det meste av skiføre nedover att, frå det heilt glimrande der dei aller fleste kan stå nedover med eit breitt smil (tom eg), til heilt frykteleg så eg nesten får lyst til å ta av meg skia.  Oftast er det noko midt imellom og turen går HEILT fint.  Det einaste eg vil be om at du passer på, er at du ikkje køyrer deg inn på barflekkar som akkurat er dekt av tynt lag med (ny)sjog.  Og har du dårleg sikt nedover, så ver forsiktig så du ikkje køyrer deg nedi gjelet akkurat dei metrane det er skavl.  Og apropos dårleg sikt; som alle andre turar er dette ein tur du må ha med navigasjonsutstyr i form av kart og kompass eller anna.  Du ynskjer ikkje å stå på toppen, sjå skodda koma og ikkje ha kart og kompass el.  Da kan det fort bli trøbbel med retninga.  Og skodda, den kan koma fort!

Eg vil tilrå at du går ut av gjelet/grovafaret rett etter at lia på nordsida av gjelet «legg seg».  Når du kjem hit, vil du ofte ha att lite skismøring under skia.  Men kjem du deg nokså tidleg ut av gjelet, på om lag 1.450 moh, kan du skli langt framover Skjenarvollan.  Og når du kjem forbi Kleiva, kan du skli nesten heilt ned til bilen.

Så spør mange: Kor lang tid tek turen?  Svaret mitt er da: Det kjem an på kor fort du går. Men start nokså tidleg, da får du bra med tid, og set av dagen.  Elles er dette ein flott tur for å bruke fjellskia.

GOD TUR!

Da vil eg utfordre Kari Øien på Kredittstøtte i #fjellbanken til å skildre ein mars-tur.
Kjell Ola

sb1ls-turtips-kjellola1
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }