Yvonne sin skitur - april

sb1ls-turtips-yvonne2

Olashovda 1246 moh

Tusen takk for nydeleg turskildring og for utfordringa, Kari! Turtips for april kan jo vera både med og utan ski. Men med vêret som slo inn etter påske, vart det naturleg for meg å tenkje skitur.

Eg tenkte og å gjera det same som Kari, velje den turen som eg og familien nyttar aller mest gjennom året. Denne turen brukar vi som ein kjapp eftastur sjølve, eller vi går den meir som ein liten dagstur for heile familien.

Olashovda er ein frittliggjande topp på 1246 moh, med utsikt til fem nasjonalparkar og høge fjelltoppar. Toppen er eit populært turmål både til fots og på ski. I 2019 vart det sett opp sikteskive på toppen, og frå denne er det siktepunkt til over hundre fjelltoppar ein kan sjå på klåre dagar.

For å koma seg til Olashovda kan ein gå frå for eksempel Langmyrene eller frå Lauvsætrene. Sjårdalen Idrettslag har gjort eit stort arbeid for å merkje stigar, så turen er godt merka frå fleire startstadar. Alle desse rutene kan ein finne på ut.no.

Køyr frå Vågåmo til Kveom og Langmyrene, eller køyr opp Sjårdalen til Kleppe og vidare oppover Kleppelia til Lauvsætrene. Turen frå Lauvsætrene er det stuttaste alternativet.

I vinter hadde vi ein utruleg fin dag med ungane (7 og 14 år) der vi gjekk til Olashovda frå Langmyrene. Dette er ein snill tur som ikkje er bratt, som passar for dei aller fleste som likar å gå på ski. For å starte på Langmyrene, køyrer du til Vågåmo, så oppover Kveom til du kjem til brøytt parkeringsplass ved «gruvene». Vidare frå her går turen slakt oppover mot aust, ca 4,5 km.

Siste kneika er litt bratt, med varierande snøforhold, men ikkje lang. På toppen finn du ein fin varde der du kan søkje ly for vinden. Skriv gjerne namnet ditt i boka du finn i postkassa.

Eg og gutane var så heldige at vi fekk køyre ned at til Sjårdalen, faktisk heilt heim. Øystein gjekk attende å henta bilen. Rein luksus å kunne køyre på ski heilt til døra heime. Så om dykk kunne tenkje dykk litt brattare skikøyring ned kan eg anbefale å få skyss frå Kleppelivegen, eller om det er skiføre kan du stå på ski heilt ned til Sjårdalen :)

Om vinteren nyttar vi ofte turen til Olashovda som ein kjapp tur på ski (randonee/fjellski). Da går vi oftast frå Kleppelivegen over Røvsgrendsmyre (ja, det høyres ut som eit namn frå Snekker Andersen og julenissen) og opp. Da får ein ofte ein finfin tur med laussnøkøyring, særleg i skogen, ned att til bilen.

Nå som vi nærmar oss vår (sjølv om det i skrivande stund dumpar ned med snø), kan eg og nemne at denne turen og er mykje brukt av sykkelentusiastar. Ei fin skildring av sykkelturen frå Langmyrene kan dykk finne her.

Det er og mykje brukt å sykle frå Bringen. Kvar Bringen er kan dykk sjå på dette kartutsnittet.

Uansett om dykk vel å gå denne turen om vinteren, vår, sommar eller haust er det ein fin tur som passar for alle, i alle aldrar. God tur!

Eg vil utfordre Iren Nystuen på avdeling BM å koma med sitt turtips for mai, eg veit ho har mange :)

 

Fjellhelsing frå Yvonne

#Fjellbanken

 

 

 

sb1ls-turtips-yvonne1

 

 

 

 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }