Svein sin tur - oktober

sb1ls-turtips-yvonne2

Tur til Steinbue

Eg takkar Sindre for utfordringa om å kome med eit turforslag.

Eg har alltid vore glad i å bruke fjellområda rundt oss til tur og rekreasjon, og brukar mykje fritid i fjellet både til fots om sommaren og på ski om vinteren og våren.

På seinhausten er det ikkje like enkelt med fjellturar i høgfjellet, men heldigvis så finst det mange fine fjellturar ein kan gjere som ikkje er så høgt til fjells.

Ein tur som ikkje er korkje for lang eller for hard, og som passar fint både som sommartur, kveldstur og hausttur er å besøke Steinbue inne på Koppflye innanfor Tesse.

Det mest naturlege utgangspunktet er Brimi Fjellstugu. Dit kjem du enklast ved å kjøre av mot «Brimiland» frå FV51. Frå der er det skilta, og du går etter god stig.

Dei fyrste 2 kilometrane er flatt terreng bortover flyene frå Brimi Fjellstugu og Nordsetrene, før du startar oppstigninga opp Flybråtet. Denne motbakken tek deg
240 høgdemeter oppover, men ta deg gjerne nokre gode pauser – snu deg og sjå på utsikten over Tesse og Nordsetrene.

Når terrenget flatar ut kjem du til eit vegskilje. Stigen som går rett fram tek deg kortaste vegen til Steinbue. Du kjem da inn på Søre Koppflye og stigen går flatt mot Steinbue. Når du går ser du Gråvåhøe (1765 moh) rett i mot. Dette er ein flott topp som har fått namnet sitt frå alle dyregravene som er i området. Litt lengre vest ruver den mektige Kvitingskjølen (2064 moh), der det for nokre år sidan vart funne ei sko som er meir enn 3500 år gammal.

Dersom du svingar til høgre ved vegskiljet etter Flybråtet kan du gå vegen om Søre Koppe. Da får du ein litt lengre tur til Steinbue over toppen som heiter Søre Koppe. Denne ruta er merka og går over nokre mindre toppar, og opp ein bratt kneik før du er på Søre Koppe på 1403 moh. Frå Søre Koppe har du fin utsikt nordover mot Dovrefjell, austover mot Rondane og sjølvsagt over Tesse og mot Kvitingskjølen.
Følg merka rute vidare nedatt mot ei lita tjøynn før du svingar sørover og ned mot Steinbue som ligg ved Kopptjørne på 1261 moh.

Steinbue er ikkje gammal, ho vart bygd av Brimi Fjellstugu tidleg på 2000-talet ved hjelp av sherpaer frå Nepal. Dette har vorte eit mykje brukt turmål både for
lokalbefolkninga og tilreisande. Bua er open, så det er fint å gå inn der for å ete niste og å slappe av litt før turen går nedatt.

Nedatt kan du velje å gå merka stig om Koppskardet mellom Søre og Nørdre Koppe der du kan finne spor etter gamle fangsanlegg. Frå Koppskardet svingar stigen austover om Havyrju og vidare attende til Brimi Fjellstugu.

Turen frå Brimi Fjellstugu til Steinbue er om lag 4 km kvar veg, og er ein tur som passar dei aller fleste, gammal som ung.

Eg ynskjer god tur, og sender utfordringa vidare til kollega Marianne Stadeløkken på kredittstøtteavdelinga.

Fjellhilsen fra Svein
#Fjellbanken
sb1ls-turtips-svein-koppflye

 

 

 

 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }