Dugnad for landbruket

Jordbruket i Noreg er inne i ei uvanleg tøff periode. Tørkeperioden i sommar har ført med seg akutte situasjonar i landbruksnæringa.

Vi har gjennom våren og sommaren hatt dialog med mange av våre kundar i landbruksnæringa og det kan virke som at vår region ikkje er like hardt ramma som enkelte andre stader i landet. Vi ser likevel at her er store lokale skilnadar. Reduserte avlingar og andre ringverknader av tørkeperioden kan føre til likviditetsmessige utfordringar for den enkelte bonde.

For å finne gode individuelle løysingar er det viktig å kontakte oss i ei tidleg fase. Ta kontakt med din kontaktperson eller banken sitt bedriftssenter.


Bondenæringa har vore viktig for oppbygginga av banken heilt frå oppstarten, og næringa er framleis ein viktig del av banken sitt kundegrunnlag. Vi tek difor ansvar i den situasjonen som er oppstått og er klar for å bidra med å finne løysingar dersom du ser at di bedrift vil få likviditetsmessige utfordringar framover.