Opprett nettbank

Alle bedrifter og foreiningar/organisasjonar må ha eigen nettbank til utbetalingar og anna handtering av bankkonti.

Dagens ordning ved at utbetalingar skjer gjennom disponenten sin personlege nettbank, vil bli avslutta ved utgangen av 2019. Tilgang på viktig betalingshistorikk føreset at foreininga brukar eigen nettbank, og vi oppmodar dykk til å opprette dette snarast. 

Med eigen nettbank får foreininga all informasjon tilgjengeleg i eit og same system.

Av andre fordeler kan ein nemne:

  • Nettbanken kan brukast av fleire personar og det er enkelt å skifte brukarar.
  • For optimal sikkerheit kan ein krevje godkjenning av 2 personar før utbetalingar.
  • Årsoppgåver kan hentast ut ved behov.
  • Kan sende elektronisk faktura.
  • Alle med tilgang til nettbanken får automatisk tilgang til mobilbanken.
  • Kan integrerast med andre økonomisystem.

Video placeholder image