naringsbygga

Grønt næringslån

Tenker bedrifta di å gjere investeringar for å bli meir miljøvenleg? Vi gir ekstra gunstige vilkår på lån til miljøtiltak.

Gjer det meir lønsamt å velje miljøvenlege løysningar.
Gir bedrifta eit konkurransefortrinn gjennom å vere miljøvenlege.
Gir eit forsprang med omstillinga og reduserer klimarisikoen.

Prisar og vilkår

Inntil 0,25 % rabatt
  • Miljørabatt på inntil 500.000 kroner
  • Rabatt gyldig inntil 3 år

Grønt næringslån er eit tilbod til di bedrift som vil gjere investeringar for å bli meir miljøvenlege. 

Energibesparande tiltak som kvalifiserer for Grønt næringslån:

Nokre døme:

  • For tiltak som reduserer klimagassutslepp.
  • For tiltak som reduserer energibehov.
  • For tiltak som aukar fornybar energiproduksjon.
  • For tiltak som har annan positiv innverknad på miljøet.
  • Oppgradering av bygg
  • Innkjøp av maskiner
  • Endring av produksjonsprosessar

Ein føresetnad for grønt næringslån er at Enova har innvilga støtte. 

Sjå Enova for kva tiltak dei støttar.


mann-og-sonn-pa-sykkel

Bidra lokalt

For å nå togradersmålet frå Paris-avtalen må alle gode krefter jobbe saman - også her i vårt nærområde.

bygninger

Ver i forkant

Strengare miljøkrav frå styresmaktene gjer det stadig viktigare å ta grep tidleg for å henge med.

Highfive

Vis omsyn

Mange stiller krav til miljø når dei vel leverandør. Ikkje ver blant dei som blir ekskludert fordi du ikkje har fulgt med i timen.

bevisstforbruker

Ver på lag med forbrukaren

Stadig oftare ser vi at det ikkje er krav frå styresmaktene, men forbrukarmakta som bestem bedrifta sine vegval.

Visste du at du kan søke støtte hos Miljødirektoratet til å bytte ut varebilen med diesel- eller bensinmotor med ein varebil med nullutslepp?