Eigenkapitalbevis

Her finn du informasjon om eigenkapitalbevis
i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Presentasjon frå informasjonsmøte for eigenkapitalbeviseigarar

Banken står i ein spennande og viktig prosess om mogleg fusjon. I samband med dette vart alle eigenkapitalbeviseigarane invitere til eit informasjonsmøte 5. oktober 2022.

Her finn du presentasjonen frå informasjonsmøte



Eigarforhold

Eigarkapitalbevisa i SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ikkje børsnoterte, men det kan vere aktuelt ved eit seinare høve å vurdere dette.

Per 30. desember 2020 har banken 404 eigenkapitalbeviseigarar, og dei 20 største eigarane kontrollerer 50,5 prosent av banken sin eigardelskapital.


Kjøp og sal av eigenkapitalbevis

I forbindelse med kjøp/sal av eigenkapitalbevis i SpareBank 1 Søre Sunnmøre må det opprettast ein kundeavtale direkte med SpareBank 1 Markets. Det er ønskeleg at kontaktskjemaet under blir fylt ut.

Vi hjelper deg

Ta gjerne kontakt med din rådgjevar i banken eller kontaktperson i SpareBank 1 Markets for hjelp til å fylle ut dette. Ved handel i unoterte eigenkapitalbevis må det gjennomførast ein såkalla egnethetstest i henhold til MIFID II – regelverket. Dette innebærer at ein må svare på nokre spørsmål om blant anna erfaring med verdipapirhandel og finansiell situasjon.

Kontaktperson

Kontaktperson for kjøp og sal av eigenkapitalbevis i SpareBank 1 Søre Sunnmøre er Sondre Teige i SpareBank 1 Markets.

E-post: sondre.teige@sb1markets.no
Tlf: 24133643



Kva lurer andre på?