Eigenkapitalbevis

Her finn du informasjon om eigenkapitalbevis
i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.


Eigardelskapital

SpareBank 1 Søre Sunnmøre hadde ved utgangen av september 2017 ein eigardelskapital på 100 millionar kroner fordelt på 1.000.000 eigenkapitalbevis, kvart pålydande 100 kroner. Dette tilsvarar ca. 11,5% av den totale eigenkapitalen i banken. Banken hadde per utgangen av september 2017 ingen eigenbehaldning på eigenkapitalbevis.

Utbyttepolitikk

SpareBank 1 Søre Sunnmøre legg til grunn at 50-70% av eigarkapitalen sin del av overskotet skal utbetalast som utbytte, så framt at soliditeten er på eit tilfredsstillande nivå. Ved fastsetting av utbyttet blir det tatt omsyn til forventa resultatutvikling, eksterne rammevilkår og behov for kjernekapital. 

Investorpolitikk

Banken legg vekt på at korrekt og relevant informasjon om banken si utvikling og resultat skal skape tillit overfor både eigenkapital- og framandkapitalmarknaden. Informasjon til marknaden vert formidla gjennom banken sine heimesider, investorpresentasjonar og børsmeldingar. 

Eigarforhold

Eigarkapitalbevisa i SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ikkje børsnoterte, men det kan vere aktuelt ved eit seinare høve å vurdere dette.

Per 30. september 2017 har banken 360 eigenkapitalbeviseigarar, og dei 20 største eigarane kontrollerer 51,9 prosent av banken sin eigardelskapital. 

Kjøp og sal av eigenkapitalbevis

Kontaktperson for kjøp og sal av eigenkapitalbevis i SpareBank 1 Søre Sunnmøre er Joakim Hafsmo i SpareBank 1 Markets, tlf. 24147468.


Dei 20 største eigenkapitalbeviseigarane per 28. september 2017

         
NAMN ADRESSE POSTNR. POSTSTAD Antal
SPAREBANK 1 SMN Postboks 4796 Sluppen 7467 Trondheim 48.070
SPAREBANKEN MØRE Postboks 121 6001 Ålesund 48.070
WENAAS KAPITAL AS Postboks 7543 6022 Ålesund 44.529
HAVILA HOLDING AS Postboks 215 6099 Fosnavåg 37.125
VARTDAL HOLDING AS   6170 Vartdal 37.125
GRØVIK VERK AS Liadal 6152 Ørsta 37.107
H I GIØRTZ SØNNER AS Sjukenesstranda 100 6037 Eidsnes 37.107
MARIN GROUP AS Postboks 13 6070 Tjørvåg 37.107
STUDENTSAMSKIPNADEN FOR SUNNMØRE Postboks 278 6101 Volda 30.873
HAR EIENDOM AS   6170 Vartdal 22.383
RASMUS MAGNE STRAUME Straume 38 6120 Folkestad 15.436
VARTDAL FISKERISELSKAP AS Keiser Wilhelms gate 23 6003 Ålesund 15.436
BRØDRENE VARTDAL AS   6170 Vartdal 14.850
KÅRE STEINAR FJELLET Fyrdsvegen 122 6110 Austefjorden 14.843
SEANERGY AS   6070 Tjørvåg 14.843
VARTDAL INVEST AS   6170 Vartdal 14.843
SEIELSTAD HOLDING AS Frydenlund 60A 2651 Østre Gausdal 14.842
MAGNE SÆVIK Vågsgata 4 6090 Fosnavåg 14.842
HBJ HOLDING AS Toppveien 15 3514 Hønefoss 11.132
ØRSTA KOMMUNE Dalevegen 6 6153 Ørsta 8.322