Eigenkapitalbevis

Teikningsperioda er over.

Teikningsperiode:

4. september kl. 09.00 - 18. september kl. 16.30.


SpareBank 1 Søre Sunnmøre har som målsetting å kunne betene lokalt og regionalt næringsliv og privatmarknad, og ønskjer å posisjonere seg for å kunne ta auka marknadsdelar. Banken ønskjer at lokale personar og andre investorar blir medeigarar i banken. 

Dokument

Brosjyre
Her finn du kortfatta informasjon om Eigenkapitalbevis i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Prospekt
Fullstendig informasjon om banken og tilbodet av eigenkapitalbevis.

Teikningsblankett
Blankett for teikning og hensiktsmessigheitsskjema av eigenkapitalbevis i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.  

Informasjonsmøter

  Stad Dato Tidspunkt
Volda SpareBank 1 Søre Sunnmøre måndag 4. september kl. 17.00 og kl. 19.00
Ørsta Hotell Ivar Aasen tysdag 5. september kl. 17.00 og kl. 19.00
Ulsteinvik Quality Hotel Ulstein torsdag 7. september kl. 17.00
Fosnavåg Thon Hotel Fosnavåg tysdag 12. september kl. 17.00
Vartdal VD-hallen onsdag 13. september kl. 18.00

Kva er eigenkapitalbevis

Eit eigenkapitalbevis er eit verdipapir som har likheitstrekk med aksjar. Ein viktig skilnad på aksjar og eigenkapitalbevis er at bankens eigarlause kapital (grunnfondskapitalen) dekkjer eventuelle underskot i banken før eigarane av eigenkapitalbevis, medan investorar i aksjeselskap ikkje har ei slik «støtpute». I motsetnad til aksjeeigarar har eigarane av eigenkapitalbevis begrensa innflytelse i selskapet sine styrande organ. På lik linje med aksjeselskap, kan bankar med eigenkapitalbevis utbetale utbytte til eigarane sine. 

Avkastning på eigenkapitalbevis

Avkastninga på eigenkapitalbevis fungerer på ein liknande måte som for vanlege aksjar. Risikoen med eigenkapitalbevis kan også samanliknast med risikoen med aksjar. Blant anna vil kursen på beviset kunne variere over tid, avhengig av forhold i banken og andre hendingar. Dersom kursen på eigenkapitalbevisa stig, vil verdien på investeringa di stige og motsett dersom kursen synker. Utbytte vert vedteke på årleg basis av bankens Generalforsamling. SpareBank 1 Søre Sunnmøre har som mål å dele ut mellom 50-80 % av eigenkapitalbevisa sin resultatandel kvart år til bankens eigarar, med atterhald om bankens finansielle situasjon og strategi til ei kvar tid. 

Slik teiknar du eigenkapitalbevis

På banken sine nettsider finn du informasjon om banken og eigenkapitalbevis, i form av eit prospekt, teikningsblankett og andre relevante dokument som lagast i samband med emisjonen. Fullstendig informasjon om banken og tilbodet av eigenkapitalbevis, herunder risikoforhold, vil gå fram av prospektet. Personar som vurderer å teikne eigenkapitalbevis, må lese prospektet før teikning og særleg evaluere risikoen knytta til ei beslutning om å investere i banken ved å teikne eigenkapitalbevis og den økonomiske risikoen ved ei slik investering.

Teikningsperioda startar 4. september 2017 kl. 09:00 og varer til 18. september 2017 klokka 16:30. Du kan sjølv bestille eigenkapitalbevis via banken sine nettsider ved å laste ned og fylle ut teikningsblanketten. Teikningsblanketten vil også vere tilgjengeleg i banken sine lokale saman med prospektet. Blanketten kan sendast til banken eller til tilretteleggaren i emisjonen som er SpareBank 1 Markets AS.

Teikning av eigenkapitalbevis:

  • Last ned og skriv ut teikningsblanketten
  • Fyll inn i nødvendige opplysningar
  • Har du ikkje kundeforhold med banken, må legitimasjon stadfestast med «rett kopi».
  • Skann deretter og returner blanketten per epost til subscription@sb1markets.no, eller eigenkapitalbevis@sparebanken.no . Alternativt kan blanketten sendast per faks 24 14 74 01 eller post til tilretteleggar SpareBank 1 Markets AS, Postboks 1398 Vika, 0114 Oslo. I tilfelle forseinkingar i postgangen, anbefaler vi at du sender blanketten elektronisk eller per faks.
  • Prospekt, teikningsblankett og bistand med teikning vil du også kunne få i banken sine lokale eller ved å kontakte tilretteleggar.

Du må ha VPS-konto

For å teikne eigenkapitalbevis må du ha ein VPS-konto. Det kan du opprette enten ved å bestille i nettbanken din, ved å kontakte banken sine rådgjevarar på telefon 70 07 00 00 eller ved å kontakte det lokale bankkontoret ditt.

Minste teikningsbeløp

Minstebeløpet du kan teikne eigenkapitalbevis for i samband med emisjonen er 10 400 kroner.

Teikning som vil medføre at vedkomande blir eigar av ein kvalifisert eigarandel i  SpareBank 1 Søre Sunnmøre krevjer tillatelse frå Finanstilsynet eller Finansdepartementet, jf. finansforetaksloven kapittel 6.

Tildeling og betaling for eigenkapitalbevis

Bankens styre vil vedta tildeling så snart som mogleg etter utløpet av teikningsperioden, tentativt 20. september 2017. Banken ønskjer mange lokale og andre investorar og vil arbeide for at så mange investorar som mogleg får tildelt eigenkapitalbevis tilsvarande det beløpet dei har bestilt for.

Etter at tildelinga er vedtatt, vil du få melding om kor mange eigenkapitalbevis du har blitt tildelt. Talet på eigenkapitalbevis du blir tildelt vil bli bestemt av beløpet du teiknar for, samt mottatte teikningar i emisjonen. Du vil ikkje få tildelt eigenkapitalbevis for meir enn det beløpet du har bestilt for, men du kan bli tildelt eigenkapitalbevis for eit lågare beløp. Minimum tildeling vil tilsvare minimum teikning, det vil seie 100 eigenkapitalbevis. Ved tildeling vil banken arbeide for at så mange investorar som mogleg blir tildelt eigenkapitalbevis. Sjå prospektet for nærare beskrivelse av tildelingskriteria.

Betaling for tildelte eigenkapitalbevis vil skje ved direkte trekk frå bankkonto ca. 22. september 2017. Når du bestiller eigenkapitalbevis i emisjonen gir du SpareBank 1 Markets ei fullmakt til å belaste bankkontoen din for det beløpet du blir tildelt eigenkapitalbevis for. For at betaling skal kunne skje til rett tid, må du ha dekning på konto ein dag før betalingsdatoen. Merk at sidan det er ganske kort tid frå planlagt tidspunkt for tildeling til betaling skal skje, er det sannsynleg at du ikkje vil motta tildelingsbrev i posten før kontoen blir belasta. Dersom du ønskjer å sjekke tildelinga di før du mottar tildelingsbrevet, kan du kontakte tilretteleggar.

Du vil få levert eigenkapitalbevisa til VPS-kontoen din så snart som mogleg etter at emisjonen er fullt innbetalt og kapitalauken er registrert i Foretaksregisteret, tentativt 29. september 2017. Eigenkapitalbevisa vil vere omsettelege frå det tidspunktet dei blir levert den enkelte teiknar sin VPS-konto. Banken har ikkje søkt om å få tatt opp eigenkapitalbevisa til notering på Oslo Børs eller annan regulert marknadsplass.

Risiko

Ei kvar investering i verdipapir er knytt til risiko. Sjå prospektet som er utarbeidd i samband med emisjonen, for nærare beskrivelse av relevante risikoforhold knytt til SpareBank 1 Søre Sunnmøre sine utstedte eigenkapitalbevis. 

Merk at prospektet vil innehalde fullstendig informasjon om emisjonen.

Ønskjer du meir informasjon

  • Kontakt banken sine rådgjevarar på telefon 70 07 00 00 eller det lokale bankkontoret ditt.
  • Kontakt tilretteleggar for emisjonen, SpareBank 1 Markets AS på telefon 24 14 74 00.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Lokal og sjølvstendig sparebank

  • Etablert i 1854
  • Banken sitt marknadsområde er Søre Sunnmøre, med kontor i kommunene Volda, Ørsta, Ulsteinvik ogHerøy
  • Banken ønskjer å vere den føretrekte banken for privatpersonar samt små og mellomstore bedrifter på SøreSunnmøre. I tillegg skal ein vere banken for eit utval større bedrifter i banken sitt marknadsområde
  • Utlån til personkundar utgjer meir enn 80 % av totale utlån
  • Utlån til oljerelatert verksemd er begrensa til 4,2 % av banken sine samla utlån

Lønsemd og soliditet

  • Utviklinga har vore god for banken dei seinare åra
  • Banken driv kostnadseffektivt
  • Det er gjort vesentlege avsetnader for moglege tap
  • Banken fokuserer på bankdrift og har avhenda store deler av bankens overtekne eigedomar
  • Forventar moderate tap i åra framover
  • Banken har eit mål om ei eigenkapitalavkastning på 10 %
  • Lønsemd, stabilitet og soliditet skal bygge opp under eit stabilt og godt utbytte på eigenkapitalbevisa
  • Banken har eit mål om rein kjernekapital på minimum 15,5 %

Marknad

  • Banken har ein unik marknadsposisjon som marknadsleiar både på privat- og bedriftsmarknaden i Volda og Ørsta og med eit betydeleg vekstpotensiale på «ytre søre Sunnmøre»
  • Banken har ein klar profil mot små og mellomstore bedrifter
  • Banken skal vekse balansert med moderat/låg risikoprofil
  • Banken vil fokusere på digitalt sal, men vere fysisk tilgjengeleg
  • Næringslivet i banken sin primærmarknad går i all hovudsak godt med gode utsikter
  • Arbeidsløysa på Søre Sunnmøre er låg/moderat og fallande
  • Vi ser ei stor omstilling og nyskaping innanfor maritim verksemd