Utbytte

På denne sida finn du informasjon om utbyttepolitikken til SpareBank 1 Søre Sunnmøre. 


Utbyttepolitikk

SpareBank 1 Søre Sunnmøre legg til grunn at 50-70% av eigarkapitalen sin del av overskotet skal utbetalast som utbytte, så framt at soliditeten er på eit tilfredsstillande nivå. Ved fastsetting av utbyttet blir det tatt omsyn til forventa resultatutvikling, eksterne rammevilkår og behov for kjernekapital. 

Investorpolitikk

Banken legg vekt på at korrekt og relevant informasjon om banken si utvikling og resultat skal skape tillit overfor både eigenkapital- og framandkapitalmarknaden. Informasjon til marknaden vert formidla gjennom banken sine heimesider, investorpresentasjonar og børsmeldingar. 

Utbytte på eigenkapitalbevis

Som følgje av Covid-19 pandemien har myndigheitene lagt mellombelse føringar som avgrensar moglegheitene til utdeling av utbytte fram til 30.september 2021. Banken si generalforsamling fatta vedtak om å gi styret fullmakt til å vedta tilleggsutbytte på grunnlag av banken sin årsrekneskap for 2020 på inntil 5,00 kr per eigenkapitalbevis. Fullmakta gjeld fram til ordinær generalforsamling i 2022. I praksis er dette ein utsettelse av utbetaling av utbytte til etter 30. september 2021 med atterhald om eventuelle nye føringar frå myndigheitene som forlenger restriksjonane.


Utbytte
Andre tema