Jobb og karriere

Kven søkjer vi

Vi er alltid på jakt etter personar med ambisjonar og som kan vere gode ambassadørar for SpareBank 1 Søre Sunnmøre.


Har du ambisjonar?

Vi er alltid på jakt etter mennesker med ambisjonar, med eit ønskje om å lære og utvikle seg sjølv. SpareBank 1 Søre Sunnmøre er opptatt av å støtte, bygge og utvikle lokalsamfunnet rundt oss, som vi alle er ein del av. Skal vi følgje opp våre ambisjonar og nå våre mål, er vi avhengig av tilsette som bidrar med innsats, kompetanse og engasjement.

Blir du ein god representant for banken?

Vi søkjer personar som kan vere gode representantar for banken, og som har ein væremåte som oppfattast som tillitsvekkande, ærleg og reieleg - i samsvar med dei lovar og reglar som gjeld i samfunnet.

Er du ein person med ambisjonar, har ønskje om å utvikle deg som person og fagleg, kan du vere den vi ønskjer å ha med på laget.