Ledig stilling

Senior kunderådgjevar på personkundemarknaden i Volda/ Ørsta

For å styrke laget vårt, søkjer vi etter ein aktiv og sjølvstendig medarbeidar med relevant utdanning,  positiv innstilling og ein pådrivar for å lykkast i faget. Har du nokre år med praksis frå bank og i tillegg er autorisert som finansiell rådgjevar, vert dette vektlagt.

Som søkjar må du ha gode rådgjeving- og kommunikasjonsevner, då arbeidet i hovudsak er aktivt sal av og kunderådgjeving omkring eit breitt spekter av finansielle produkt. I stillinga er det lagt særleg fokus på kunnskap innan spare og plasseringsområdet. Du må  trivst med å arbeide i lag med andre, då rådgjevarane
ved avdelinga skal fungere som eit godt samspelt team.

Digitaliseringa i samfunnet slår inn i bankdrift og fører til at kundens åtferd endrar seg og at medarbeidarane må tilpasse seg nye måtar å arbeide på. Vårt mål er å framtidsrette banken og utvikle medarbeidarane våre, slik at vi kan møte kunden sine krav og forventingar gjennom alle kanalar.

Vi kan tilby ein spanande og framtidsretta jobb, i ei bransje som utviklar seg i takt med den teknologiske utviklinga. Arbeidsstad vil i utgangspunkt vere i region vår Indre, der vi har kontora våre i Volda og Ørsta.

Lønn etter avtale. Gode pensjons-, forsikrings- og andre tilsettevilkår.


Søknadsfrist 1. juni 2017
Søknad sendast på e-post til vidar.egset@sparebanken.no
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte: 

Fredrik Christian Langlo
Regionbanksjef personmarknad
98287892
Hallvard Bjørneset
Banksjef personmarknad
98287866

Om SpareBank 1 Søre Sunnmøre

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ein sjølvstendig og aktiv bank i SpareBank 1-alliansen. Vi har fokus på nærheit og gode relasjonar til kundane våre og har som visjon å gjere det betre å bu og virke på søre sunnmøre. Banken har 69 tilsette og ein forvaltningskapital på om lag 10 milliardar kroner. Banken sitt marknadsområde er søre sunnmøre.