Ledig stilling

Kunderådgjevar på personkundemarknaden i Volda/Ørsta

For å styrke laget vårt søkjer vi etter ein aktiv og sjølvstendig medarbeidar med relevant utdanning,  positiv innstilling og ekte lyst til å lykkast. Har du nokre år med praksis frå bank og i tillegg er autorisert som finansiell rådgjevar vert dette vektlagt.

Søkjaren må ha gode rådgjeving- og kommunikasjonsevner, då arbeidet i hovudsak er sal av og kunderådgjeving omkring eit breitt spekter av finansielle produkt.  Du må trivst med å arbeide i lag med andre, då rådgjevarane ved avdelinga skal fungere som eit godt samspelt team.

Digitaliseringa i samfunnet slår inn i bankdrift og fører til at kundens åtferd endrar seg og at medarbeidarane må tilpasse seg nye måtar å arbeide på. Vårt mål er å framtidsrette banken og utvikle medarbeidarane våre, slik at vi kan møte kunden sine krav og forventingar gjennom alle kanalar.

Stillinga sitt innhald:

  • Sal og rådgjeving innanfor heile produktspekteret og på kredittområdet i banken, gjennom at du er proaktiv i marknaden overfor nye og potensielle kundar 
  • Medansvarleg for eige og avdelinga sitt resultat og totale utvikling, samt vere ein konstruktiv bidragsytar i møter og teamutvikling
  • Følgje finansnæringa sine krav om autorisasjonar og sertifiseringar.
  • Sikre kvalitet og kundetilfredsheit gjennom kontinuerleg å utvikle eigen kompetanse og sikre god dialog med kunden i dei kanalar som kundar føretrekker
  • Endringsvilje og evne til å ta i bruk og utnytte effektive nye teknologiske løysingar og digitale kanalar raskt
  • Bidra til høg integritet og god etisk standard 

Vi ønsker at du har :

  • Erfaring frå sal og kunderådgjeving. Praksis frå bank er å føretrekke.
  • Økonomisk utdanning på Bachelor-nivå
  • Utadvent med interesse for sal og vant til å jobbe proaktivt og trivast med det
  • Påliteleg, tillitvekkande og god til å bygge relasjonar
  • Sjølvstending og strukturert
  • God kommunikasjons- og formidlingsevne
  • Initiativrik og løysingsorientert

Vi kan tilby ein spanande og framtidsretta jobb, i ei bransje som utviklar seg i takt med den teknologiske utviklinga. Arbeidsstad vil i utgangspunkt vere i regionen vår i Indre, der vi har kontor i Volda og Ørsta.

Lønn etter avtale. Gode pensjons-, forsikrings- og andre tilsettevilkår. 


Søknadsfrist 5. desember 2017
Søknad sendast på e-post til vidar.egset@sparebanken.no
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte: 

Andre Skotheim
Banksjef sal og marknad
48017909
Hallvard Bjørneset
Banksjef personmarknad
98287866

Om SpareBank 1 Søre Sunnmøre

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ein sjølvstendig og aktiv bank i SpareBank 1-alliansen. Vi har fokus på nærheit og gode relasjonar til kundane våre og har som visjon å gjere det betre å bu og virke på søre sunnmøre. Banken har 69 tilsette og ein forvaltningskapital på om lag kr. 10 milliardar kroner. Banken sitt marknadsområde er søre sunnmøre.