Ledig stilling

Avdelingsbanksjef personmarknad
Volda og Ørsta

Vi søkjer etter to avdelingsbanksjefar til avdelingane våre i Volda og Ørsta, som kan vere med å vidareutvikle posisjonen vår som ein sentral finansaktør på Søre Sunnmøre.

Avdelingsbanksjefane vil leie eit team av kompetente, kundeorienterte og engasjerte medarbeidarar, og må ha gode leiareigenskapar med mål om å inspirere og utvikle medarbeidarane til å yte sitt beste.

Vi søkjer etter personar som er kundeorientert, engasjert, resultatorientert og har gode evne til å samarbeide med andre. Leiarerfaring vert vektlagt og utdanning på høgskule- og universitetsnivå vert påkrevd.

Stillinga rapporterer til banksjef for personmarknad. I tillegg til eit spesielt ansvar for personmarknaden, vil avdelingsbanksjef ha eit ansvar for å ivareta samhandlinga mellom forretningsområda, fagavdelingane og EiendomsMegler 1.

Stillinga inneber medansvar for å utvikle banken vidare på alle områder. Dette krev at avdelingsbanksjefen også må vere operativ med eige porteføljeansvar og med nødvendige fullmakter og sertifiseringar. Stillinga gir gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.

Vi kan tilby gode vilkår i eit positivt arbeidsmiljø. Lønn etter avtale. Gode pensjons-, forsikrings- og andre tilsettevilkår.


Søknadsfrist 10. november 2018
Søknad sendast på e-post til vidar.egset@sparebanken.no
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte: 

Andre Skotheim
Banksjef personmarknad
48017909
Vidar Egset
Banksjef HR
98287855

Om SpareBank 1 Søre Sunnmøre

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken har hovudkontor i Volda og avdelingskontor i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og på Vartdal.

Forvaltningskapitalen er om lag kr. 11 mrd. og banken har i dag 61 tilsette. Banken er medeigar i SpareBank 1 alliansen og er totaltilbydar av finansielle tenester. Banken sin visjon er å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre.