Ledig stilling

Kunderådgjevar Bedriftsmarknad 

SpareBank 1 Søre Sunnmøre styrkar laget på bedriftsmarknaden. Som bedriftsrådgjevar vil du bidra til å vidareutvikle eit svært interessant og spanande næringsliv.

Vi søkjer etter ein strukturert og analytisk medarbeidar med gode evner til sal og rådgjeving. Du må like å arbeide målretta i ein hektisk kvardag, både sjølvstendig og saman med kollegaer. Personlege eigenskapar og motivasjon til å lukkast i jobben blir sterkt vektlagt.

Stillingsinnhald:
  • Sal og rådgjeving av banken sine produkt og tenester i alle kanalar
  • Initiativrik og proaktiv med høgt kundefokus.
  • Kredittarbeid mot små og mellomstore bedrifter
  • Bidra til god samhandling på tvers av fagområder for å sikre gode kundeopplevingar.
  • Ansvar for eigen sals- og måloppnåing, samt eigen kompetanseutvikling
  • Bidra til høg integritet og etisk standard.
Kvalifikasjon og erfaring:
  • Min. Bachelor innan økonomisk utdanning eller annan relevant erfaring.
  • Kreditterfaring/risikoforståing, gjerne frå bedriftsmarknad.
  • Evne til å skape gode kundeopplevingar via relevante kanalar.
  • Uredd, nysgjerrig og sterkt kundeorientert.
  • Utadvendt og med interesse for sal.

Bedriftsrådgjevarane arbeidar i to ulike team saman med spesialistar og fagansvarlege. Storkunde-teamet har kunde- og bransjeansvar for banken sine største kundar. SMB-teamet er bedriftsenteret vårt og dei følgjer opp den daglege dialogen med kundane, samt ansvar for mindre bedriftskundar.

Lønn etter avtale. Gode pensjons-, forsikrings- og andre tilsettevilkår.

Søknadsfrist: 1. mars 2019

Søknad sendast på e-post til vidar.egset@sparebanken.no

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte:

Sigrun Heltne Vartdal
Banksjef bedriftsmarknad
98287839
Vidar Egset
Banksjef HR
98287855

Om SpareBank 1 Søre Sunnmøre

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken med 65 tilsette har hovudkontor i Volda og avdelingskontor i Ørsta, på Vartdal, i Ulsteinvik og Fosnavåg.  Forvaltningskapitalen er på omlag 11 mrd. Banken er medeigar i SpareBank 1 Gruppen og totalleverandør av finansielle tenester. Banken sin visjon er å vere ei drivkraft til å  gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre.