Ledig stilling

Banksjef Marknad og kundereise

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er i sterk vekst og spissar no marknadsarbeidet ved å opprette ei ny stilling som banksjef for marknad og kundereise.

Banksjef Marknad og kundereise vil leie eit team av kompetente og engasjerte spesialistar innan marknad, informasjon/kommunikasjon og datadreven kundedialog. Samtidig vil du ha ansvar for å koordinere marknadsaktivitetar og støtte forretningsområda innanfor både person- og bedriftsmarknaden.  Stillinga inngår i toppleiargruppa og vil vere knytt til banken sitt hovudkontor i Volda, der alle fagmiljø og fellesfunksjonar er samla.

Dei viktigaste oppgåvene og ansvarsområde vil vere:

  • Leiing og personalansvar
  • Overordna ansvar for marknad og kundereiser
  • Overordna ansvar for bankens interne og eksterne informasjon/kommunikasjon
  • Leie bankens team på datadreven kundedialog
  • Ansvar for at banken er relevant i sin informasjon, dvs. treffe med rett bodskap til rett målgruppe til rett tid og i rett kanal
  • Koordinere marknadsaktivitetar og ansvar for samhandlinga mellom forretningsområda
  • Ansvar for implementering og etterleving av banken sin marknadsplan, kommunikasjonsstrategi og merkevarebygging
  • I nært samarbeid med banksjef PM og BM bidra til utvikling og vedlikehald av banken sitt kundekonspet og produktutviklingAnsvar for banken sin sponsor- og gåvestrategi
  • Deltaking i alliansearbeid

Kvalifikasjonar og erfaring

  • Relevant leiarerfaring og erfaring innanfor sal og marknadsarbeid
  • Utdanning på bachelor/mastergrad nivå
  • Kunnskap innan ulike former for tradisjonell og framtidsretta marknadskommunikasjon

Eigenskapar

  • Utadvendt og proaktiv
  • Gode samhandlingseigenskapar
  • Engasjert og marknadsorientert haldning
  • Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
  • Effektiv i bruk av teknologiske støtteverkty
  • Gode leiareigenskapar og gode evner til å kommunisere både skriftleg og munnleg

Vi kan tilby gode vilkår i eit positivt og engasjert arbeidsmiljø. Lønn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsvilkår samt andre tilsetjingsvilkår.

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Adm. dir. Stig Brautaset på tlf. 908 26 448, eller Mercuri Urval v/Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036


Søk på mercuriurval.no snarast, og seinast 20.6.2021


Om SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken har hovudkontor i Volda, og avdelingskontor i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg. Banken er i sterk vekst og spissar no marknadsarbeidet ved å opprette ei ny stilling som banksjef for marknad og kundereise.