Ledig stilling

Personal- og organisasjonsutviklar

Banken er i endring og digitaliseringa er på full fart innover oss. Kravet til kompetanse og evne til endring er sentralt i arbeidet med å halde fram som ein framtidsretta bank. For å bidra til dette arbeidet, spissar vi personalområdet vårt og søkjer etter ein personal- og organisasjonsutviklar.

Personal- og organisasjonsutviklaren vil ha ansvar for banken si endringsleiing og organisasjonsutvikling for å sikre at medarbeidarane våre jobbar smartare og meir effektivt, for å lukkast i den digitale verda. Vidare skal ein bidra til å utvikle ein organisasjonskultur som stimulerer til begeistring, lojalitet og trivsel i arbeidsmiljøet. 

Stillinga vil vere knytt til banken si nyoppretta avdeling for innovasjon og organisasjonsutvikling. Arbeidsstad vil vere ved banken sitt hovudkontor i Volda, der alle fagmiljø og fellesfunksjonar er samla.

Viktige oppgåver vil vere:

  • Gjennomføring av endringsprosessar
  • Bidra til å styrke endrings- og omstillingsevne på alle områder
  • Bidra til banken sin digitaliseringsstrategi
  • Sikre at banken totalt sett har rett kompetanse til å møte framtida, bl.a. gjennom strategiske organisasjonsanalysar
  • Bidra til å bygge organisatorisk endringskraft med særleg fokus på digitalisering
  • Bidra til kompetansebygging rundt innovasjon og digital transformasjon
  • Bidra i rekrutterings og derekrutteringsprosessar
  • Ansvar for gjennomføring av leiarutvikling og strategisk kompetanseutvikling
  • Sikre effektive og gode prosessar og god samhandling på tvers av ulike fagområde

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og erfaring innanfor fagområdet
  • Utdanning på bachelor / mastergrad nivå
  • Erfaring innanfor endringsleiing og digitalisering

Eigenskapar

  • Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
  • Gode eigenskapar innanfor digitalisering
  • Svært gode eigenskapar og evner innan både skriftleg og munnleg kommunikasjon
  • Gode samarbeidseigenskapar

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Banksjef for innovasjon og organisasjonsutvikling Rolf Driveklepp på telefon 982 87 828 eller Mercuri Urval v/Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036.

Vi kan tilby gode vilkår i eit positivt og engasjert arbeidsmiljø. Lønn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsvilkår samt andre tilsetjingsvilkår.


Søknadsfrist: 09.08.2021



Om SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken har hovudkontor i Volda, og avdelingskontor i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg. Banken er i endring og digitaliseringa er på full fart innover oss. For å bidra til dette arbeidet, spissar vi personalområdet vårt og søkjer etter ein personal- og organisasjonsutviklar.