Vil du bli med på satsinga vår i Stryn?

Avdelingsleiar og kunderådgjevarar

Vi opnar kontor i Stryn og søker etter personar som vil bli med på å skape historie. Vi ser etter nokon som kan vere med på å etablere og utvikle kontoret. Du vil vere ein sentral bidragsytar og ein viktig faktor for at vi skal lykkast i etableringa. Du vil vere delaktig i å bidra til å bygge laget som skal etablere og drifte kontoret. 

Vi meiner vi kan gjere ein forskjell og vi vil bidra til at Stryn vert ein enda betre stad å bu. For å nå dette målet treng vi personar som er engasjerte, proaktive og som brenn for lokalsamfunnet. Vert du motivert av å skape dei aller beste kundeopplevingane kan det vere deg vi ser etter.  


Avdelingsleiar 

Som avdelingsleiar vil du vere svært delaktig i å etablere kontoret og å bygge opp og vedlikehalde kundeporteføljen i Stryn. Den viktigaste ansvarsoppgåva vil vere å levere vekst, lønsnemnd, kundetilfredsheit og kvalitet på personkundemarknaden. Andre sentrale oppgåver vil vere personal- og utviklingsansvar for rådgjevarane på kontoret, samt bidra til kundevekst med ansvar for eiga portefølje.  

Vi ser etter ein person som er; 

  • ambisiøs og vil utvikle seg innan leiing 
  • kundeorientert, engasjert, resultatorientert og har evne til å arbeide i lag med andre 
  • kjent i lokalmarknaden og evne til å nytte relevant nettverk 
  • utdanna på høgskule- eller universitetsnivå 

Avdelingsleiaren vil rapportere til Banksjef personmarknad. 


Kunderådgjevarar 

Som rådgjevar på vårt nye kontor, vil du vere ein viktig ressurs for at vi skal lykkast i Stryn. Arbeidskvardagen vil vere sal og rådgjeving av banken sine produkt i alle kanalar, gjennom aktiv og engasjerande åtferd. Det viktigaste vil likevel vere eit brennande ønskje om å lykkast i arbeidet og bidra til å skape historie i Stryn. 

Vi ser etter personar som er; 

  • interesserte i personleg økonomi 
  • gode på kundekommunikasjon og som ser verdien av å bygge relasjonar   
  • initiativrike og proaktive med høgt kundefokus 
  • Resultatorientert, uredde, nysgjerrig og e kundefokusert 
  • Utdanna innan relevante fag frå høgskule/universitet 

Du  vil rapportere til avdelingsleiaren på avdelinga. 


Vi tilbyr gode vilkår i eit positivt arbeidsmiljø.  

  • Lønn etter avtale og gode pensjons-, forsikrings- og andre tilsettevilkår.  
  • Du vil bli tatt godt vare på i eit miljø med kompetente kollegaer som støttar og heiar på kvarandre.  
  • Du får eit opplæringsløp som skal gi deg ein god start på tida i banken.  

Du vert ein viktig bidragsytar til banken sin vidare vekst og utvikling. Vi skal lykkast saman! For nærmare opplysningar om stillingane, ta kontakt med Banksjef PM, Andre Skotheim tlf. 48 01 79 09, eller Banksjef personal og stab, Vidar Egset tlf. 98 28 78 55. 


Søknadsfrist: 1. juni 2022


Spørsmål om stillinga

Andre Skotheim
Banksjef personmarknad
48017909
Vidar Egset
Banksjef personal og stab
98287855


Om SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken har hovudkontor i Volda, og avdelingskontor i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg.