Ledig stilling
Forretningsutviklar IT
Kravet til kompetanse og endringskraft er sentral i arbeidet med å bygge framtidas bank. For å styrke oss på dette området ser vi etter ein person som skal jobbe i grensesnittet mellom teknologi og forretning og som kan sjå potensiale for effektivisering og gevinstrealisering gjennom tiltak og prosessar som vert sett i verk.
Ei viktig oppgåve vil vere å avdekke kvar og korleis teknologiske løysingar kan forbetre og effektivisere arbeidsprosessar, samt å få implementert løysingane i system og organisasjon. Utviklinga i næringa krev at vi klarer å ta ut effekten i systema våre, samt å effektivisere måten vi jobbar på. Dette krev endring i kompetanse og i åtferd. Rolla vil samhandle på tvers av alle avdelingar og krev at ein har evne til å samarbeide og kommunisere på ein positiv og konstruktiv måte.
Vi er ute etter ein person som har:
- Generelt god IT-kompetanse.
- God til å identifisere og forstå forretningsbehov og lage løysingar som stettar desse.
- Svært god kompetanse på funksjonaliteten i Microsoft sine skytenester, spesielt evne og interesse for å bygge og tilpasse løysingar basert på SharePoint Online.
- Erfaring frå Microsoft si Power-plattform er ein fordel.
- Nokre års erfaring innanfor grensesnittet IT/forretning.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og handlekraftig.
- Nysgjerrig, framoverlent og teknologisk interessert.
- Initiativrik og serviceorientert.
- Analytisk og strukturert.
Vi kan tilby ein spanande jobb med gode vilkår i eit positivt arbeidsmiljø.
Nærmare opplysningar finn du ved å kontakte banksjef innovasjon og organisasjonsutvikling Rolf Driveklepp tlf. 982 87 828 eller Banksjef marknad og kundereise, Kari Melle tlf. 402 02 840.
Søknadsfrist: 1. juni 2022
Om SpareBank 1 Søre Sunnmøre
Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken har hovudkontor i Volda, og avdelingskontor i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg.