Kundeval i banken

Kundevalet skal haldast torsdag 28.01.2016

Kvar kan du røyste torsdag den 28.01.2016?

  • For valdistriktet Volda kommune
    • Banklokalet i Volda frå kl 10.00-15.30
  • For valdistriktet Ulstein kommune
    • Banklokalet i Ulsteinvik frå kl 10.00-15.30
  • For valdistriktet Herøy kommune
    • Banklokalet i Fosnavåg frå kl 10.00-15.30
  • For valdistriktet Ørsta kommune
    • Banklokalet i Ørsta frå kl 10.00-15.30
    • Banklokalet i Vartdal frå kl 10.00-13.00
    • Banklokalet i Sæbø frå kl 10.00-13.00

Kven kan røyste?

Kundar som har, og i dei siste 6 månader har hatt eit innskot i banken på minst kr. 500 har røysterett. Berre myndig person kan, som personleg kunde eller som representant for annan kunde, røyste ved valet, og ingen har meir enn 2 røyster, ei på grunnlag av eige innskott og ei som representant for annan kunde.

Alle med røysterett som ovanfor, har plikt til å ta imot val, dersom vedkomande ikkje har gjort teneste som medlem av forstandarskapet, har vore styremedlem eller medlem av kontrollnemda i minst ein valperiode. 

Det skal veljast 1 medlem og 8 varamedlemer etter fylgjande fordeling:

  • Frå Volda: 1 medlem og 3 varamedlemer
  • Frå Ørsta: 3 varamedlemer
  • Frå Ulstein: 1 varamedlem
  • Frå Herøy: 1 varamedlem

Medlemene skal veljast for 4 år. Varamedlemene skal veljast for 1 år. Vallister og anna valmateriell som valforskrifter ligg tilgjengeleg her på nettsida og i banklokal frå og med 14.01.2016.