Leiinga

Forstandarskapet

Forstandarskapet er banken sitt øvste organ og skal sjå til at banken virkar etter sitt formål og i samsvar med lover og vedtekter.


Oppgåver

  • Velje medlemer til banken sitt styre
  • Føre tilsyn med styret si forvaltning av banken
  • Velje medlemer til banken sin kontrollkomité
  • Velje medlemer til banken si valkomitè
  • Velje leiar og nestleiar til forstandarskapet
  • Velje gåvenemd
  • Vedta godtgjeringar for organa nemnd ovanfor
  • Fastsetje banken sitt årsrekneskap
  • Gi styret fullmakt til å ta opp ansvarleg lånekapital
  • Gi styret fullmakt til å foreta kapitalforhøyingar
  • Vedta oppretting og nedlegging av bankkontor

Medlemer

Forstandarskapet som består av kundar, tilsette og representantar frå det offentlege.

Forstandarskapet skal ha 24 medlemer med 18 varamedlemer. 12 medlemer med 8 varamedlemer skal veljast av kundane. 6 medlemer med 6 varamedlemer skal veljast av kommunane og 6 medlemer med 4 varamedlemer skal veljast av dei tilsette.

Kundane sine representantar har fylgjande fordeling:

Volda kommune - 4 medlemer og 3 varamedlemer
Ørsta kommune - 4 medlemer og 3 varamedlemer
Ulstein kommune - 2 medlemer og 1 varamedlem
Herøy kommune - 2 medlemer og 1 varamedlem


Oversikt over medlemmer av forstandarskapet



Sjå også