2015

SpareBank 1 Søre Sunnmøre set ned renta

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har som mål å ha konkurransedyktige prisar over tid, og gjer no rentekutt og set ned renta på bustadlån med inntil 0,30 prosentpoeng.

7. januar 2015

I slutten av neste veke sender vi ut renteendringsvarsel til kundar med bustadlån. Rentenedsetjinga gjeld for lånekundar med god sikkerheit, betjeningsevne og bustadlån til ungdom, seier administrerande direktør Solveig Midtbø. 

SpareBank1 Søre Sunnmøre har i lang tid hatt eit nært samarbeid med LO som har gjort det mogleg for banken å tilby LO-medlemmar gode vilkår på bank- og forsikringsprodukt. SpareBank 1 har valt å ha ein stor samarbeidspartnar som organiserer rundt 1 million av norske arbeidstakarar. Dette opplever vi blir godt mottatt i lokalmarknaden vår, seier leiar for personmarknaden Hallvard Bjørneset.

Etter renteendringa tilbyr SpareBank1 Søre Sunnmøre bustadlån til LO-medlemmar under 34 år til p.t. 2,75% rente, uavhengig av lånebeløp.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre set ned renta for fleirtalet av kundane våre med inntil 0,3 prosentpoeng, seier Solveig Midtbø. Vi sender ut informasjon til kundane om renteendring i nettbanken eller pr. brev i næraste framtid.

Ny nominell rente for bustadlån til ungdom blir p.t. 2,85% p.a. For andre kundar blir lågaste rente til bustad p.t. 3,15% p.a. innanfor 75% av takst og god betjeningsevne.


Dei nye satsane vil gjelde frå 12. januar på nye lån, og frå midten av mars på
eksisterande lån. (Alle prisar er nominelle). 

Samtidig med rentenedgongen på utlån vil også renta på innskot bli justert ned, seier Hallvard Bjørneset.

Kontaktpersoner

Hallvard Bjørneset
Banksjef personmarknad
98287866