2015

2014 var eit godt år for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Svært godt bidrag frå heil- og deleigde selskap, god bankdrift og sal av aksjar i Nets, har bidrege til eit godt år for SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

16. februar 2015

SpareBank 1 Søre Sunnmøre  fikk eit konsernresultat etter  tap og skatt i 2014 på 100,2 millionar kronermot 79,4 millionar kroner i 2013.

Det gode resultatet styrker banken sin soliditet ytterlegare, noko som er viktig for å ivareta både person-og bedriftskundane sine behov for finansiering av gode prosjekt i regionen. Det er også viktig for å møte nye kapitalkrav frå myndigheitene, seier administrerande direktør Solveig Midtbø.

Forretningskapital inkl. SpareBank 1 Boligkreditt er pr. 31.12.2014 på 10.3 milliardar kroner, og viser ei god utvikling.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin finansielle posisjon er god og av bankens totale utlånsportefølje er personmarknaden på heile  71,82% av utlån, ein utlånsvekst i dette segmentet på  12,0% i 2014.

Netto utlånstap er på 6,8 millionar kroner mot 22,5 millionar kroner året før. 

Banken har ein innskotsdekning i konsern på 77,1%, mot 72,6% i 2013.  Rentenetto i prosent av forvaltingskapital er på 1,49% i 2014 (1,50%), som er ein marginal nedgang. Provisjonsinntekter og netto avkasting på finansielle investeringar syner framleis ei god utvikling.

Banken oppfyller alle gjeldande regulatoriske kapitalkrav, og er posisjonert mot nye krav frå myndigheitene, seier Banksjef Finans & Risk Per Olav Opsal.

Kapitaldekninga i morbank er på 16,51% (16,47%). Rein kjernekapitaldekning er pr. 31.12.2014 på 13,58% (12,67%)

Eigenkapitalrentabiliteten etter skatt i morbank er 14,3% (12,4%),  som er i takt med dei langsiktige ambisjonane.

Styret gjer framlegg om at det deles ut  4 millionar kroner i allmennyttige midlar som skal bidra til at det er betre og bu og virke på Søre Sunnmøre, og overføring til sparebankfondet er på  heile 84,7 millionar kroner (64,7 mill. kr.).

SpareBank 1 Søre Sunnmøre vil fortsette med å synleggjere lokale forankring gjennom eit breitt engasjement i næring-, kultur og samfunnsliv. Gjennom gode kundeopplevingar, kvalitet og høg aktivitet skal vi utvikle SpareBank 1 Søre Sunnmøre  til ein attraktiv bank for lokalsamfunnet, seier Midtbø.

Den digitale tidsalder har festa seg, noko som bidrar til at våre kundar gjer stadig meir av sine banktenester digitalt.  SpareBank 1 er langt framme på sjølvbetente løysingar noko som gir banken ein unik posisjon, seier Midtbø.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er oppteken av å ha eit godt arbeidsmiljø og trivsel. Vi har over tid jobba aktivt med kompetanse og kompetansefremjande tiltak og vi er stolte av at vi kan framleis kan vise til eit lågt sjuke fråvær på 2,25% (3,06%),  seier personalsjef Vidar Egset.

Sentrale fokusområder er; god kundeorientering, god kjernebankdrift, og kostnadskontroll  som skal bidra til ein positiv utvikling for SpareBank 1 Søre Sunnmøre, seier administrerande direktør  Solveig Midtbø.

Kontaktpersoner

Hallvard Bjørneset
Banksjef personmarknad
98287866