2015

Talentstipend i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

SpareBank 1 Søre Sunnmøre inviterer årleg ungdom mellom 15 og 25 år til å søke på banken sitt talentstipend. Kvart år yter banken inntil 8 talentstipend i regionen. Stipendet heng høgt og det går til ungdom som over tid har vist at dei held
nasjonalt nivå på det dei driv med, anten det er idrett, song og musikk, drama eller andre former for kulturaktivitet i vid forstand.

16. mars 2015

Banksjef, Hallvard Bjørneset seiar at banken heilt sidan 2005 har tildelt talentstipend til unge og ambisiøse talent. Fleire av disse har utvikla seg vidare og er i dag profesjonelle utøvarar eller dei dyrkar hobbyen sin vidare på ei nivå dei kan kombinere med studiar, arbeid eller familie. Det vert gitt tilbakemelding på at stipendet har vore eit positivt bidrag på vegen. Totalt er det så langt gitt stipend til over 50 unge talent i regionen sidan oppstarten.

Stipendet er på kr. 25.000,- i tillegg til ein minnepremie laga av ein lokal kunstnar. Tanken bak stipendet er å kunne bidra til at talentfulle ungdomar skal få høve til å vidareutvikle talentet sitt. Det er også eit mål at disse personane skal vere med på å utvikle idretts- og kulturlivet innanfor sitt område, samt vere gode representantar for regionen.

 

- Har ein eit spesielt talent så kan ein sjølv søkje på stipendet, eller så kan
ein få andre til å søkje på vegne av seg. Nemnda i banken har også høve til å
tildele stipend om dei meiner det er særlege grunnar for dette. Søknadsskjema for talentstipend finn du på banken si
heimeside og søknadsfristen er 1. april, seier Hallvard. 

Kontaktpersoner

Hallvard Bjørneset
Banksjef personmarknad
98287866