2015

No kuttar vi renta

SpareBank 1 Søre Sunnmøre kuttar renta på bustadlån for alle våre kundar.

18. juni 2015

Norges bank kutta i styringsrenta med 0,25 prosentpoeng den 18. juni. SpareBank 1 Søre Sunnmøre gjer no kutt i renta på bustadlån med inntil 0,25 prosentpoeng, seier Banksjef personmarknad Hallvard Bjørneset.


Rentenivået i Norge er på eit historisk lavt nivå, dette er noko vi ynskjer skal komme våre kundar til gode. Vi skal ha fornøgde kundar, vi er offensive og vil gjerne ha fleire kundar. Derfor tek vi no grep for å styrke posisjonen vår i marknaden, seier Adm. direktør Solveig Midtbø.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har i lang tid hatt eit nært samarbeid med LO som har gjort det mogleg for banken å tilby LO-medlemmar gode vilkår på bank- og forsikringsprodukt. - SpareBank 1 har valt å ha ein stor samarbeidspartnar som organiserer rundt 1 million av norske arbeidstakarar. Dette opplever vi
blir godt mottatt i lokalmarknaden vår, seier Midtbø.

Etter renteendringa tilbyr SpareBank 1 Søre Sunnmøre bustadlån for LO-medlemmar under 34 år 2,45 prosent rente uavhengig av storleiken på lånet. For ordinære bustadlån over 2 million blir rettleiande pris 2,95 prosent.

Parallelt med prisendringane på bustadlån blir også banken sine innskottsvilkår justert.

Kontaktpersoner

Hallvard Bjørneset
Banksjef personmarknad
98287866