2015

Ny administrerande direktør

Hallvard Bjørneset er konstituert som ny Administrerande direktør for SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Han kjem frå stillinga som Banksjef Personmarknad og har fungert som stedfortredar for Administrerande direktør.

27. august 2015

Bjørneset har lang og brei erfaring frå bankverksemd og frå privat og offentleg sektor. I store delar av sitt yrkesaktive liv har Bjørneset hatt leiaroppgåver som han har løyst på ein framifrå måte. Han har gjennom sitt arbeid i banken vist stort engasjement og har med innsikt og kunnskap vist at han har dei naudsynte personlege eigenskapane som trengst for denne posisjonen.

Styret er svært nøgd med denne løysinga, og saman med leiargruppa i banken står ein samla og klar til å «forsterke» innsatsen på vidare operativ og strategisk utvikling for banken. 

Solveig Midtbø sluttar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre etter 3 år som Administrerande direktør. Styret og Midtbø har forskjellig syn på vidare strategi for banken, og styret har på denne bakgrunn løyst henne frå stillinga som Administrerande direktør. 

SpareBank 1 Søre Sunnmøre framhevar at Midtbø har gjort ein god innsats for utviklinga av banken og ho har hatt sterkt medverknad til at banken har oppnådd gode økonomiske resultat. 

SpareBank 1 Søre Sunnmøre vil takke Midtbø for den innsatsen ho har lagt ned for banken og ønskjer henne lukke til vidare.

 

For ytterlegare informasjon:
Oddvar Strand, styreleiar. Telefon 958 39 750