2016

Ny administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Stig Brautaset blir ny administrerande direktør i
SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Stig Brautaset er i dag direktør i Danske bank.

4. april 2016

- Styret er svært godt nøgde med å få Stig Brautaset som ny administrerande direktør i banken. SpareBank 1 Søre Sunnmøre får ein erfaren og trygg leiar, og vi er visse på at han er den fremste til å ta banken vidare i ei spanande tid, for så vel bank og finans som resten av næringslivet, seier nestleiar i styret Hege Karete Hamre.

Stig Brautaset har ei svært tung og allsidig erfaring frå fleire områder innan for bank og finans både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Mellom anna har Stig vore regionbanksjef i Sparebanken Møre i 8 år før han tok til i Danske Bank. Dei siste 6 åra har Stig vore ein del av Danske Bank si leiargruppe for bedriftsmarknaden i Norge. Dette ser styret på som ei viktig erfaring i tida banken går inn i.

Stig er 56 år, gift, har 3 born og han er opphavlig frå Ørsta og er utdanna siviløkonom. Han bur i Ulsteinvik og har dei seinare åra vekependla til Oslo i samband med jobb i Danske Bank.

- Eg gler meg til å ta fatt på jobben og leie banken i spanande tider der konkurransen om kundane er skjerpa, kundeadferda endrar seg raskt og banken si drift må vere tilpassa rammevilkåra. Eg oppfattar banken som ein moderne bank med ein omstillingsdyktig organisasjon. Eg ser fram til å jobbe i lag med heile organisasjonen for å gjere banken sin visjon, «å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre» enno tydelegare i tida som kjem, seier Stig Brautaset.

Hallvard Bjørneset vil halde fram som administrerande inntil Stig tek til. Stig vil ta til i stillinga så snart som praktisk mogleg.

 

Kontaktinformasjon:

Hallvard Bjørneset, Adm. Banksjef, mobil 98 28 78 66 

Hege Karete Hamre, nestleiar, mobil 41 62 83 39