2016

Ny styreleiar

Harald Indresøvde vert ny styreleiar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

11. april 2016

Forstandarskapet i banken har valt Harald Indresøvde til ny styreleiar. Han erstattar Oddvar Strand som har leia bankens styre dei siste fem åra. Harald er i dag pensjonist, men var administrerande banksjef i banken frå 1994 og fram til han gjekk av med pensjon i 2009. Etter den tid har han m.a. vore styremedlem i Finanstilsynet i 4 år.

Forstandarskapet melder at banken er svært godt nøgde med å få Harald Indresøvde som ny styreleiar og er trygg på at banken får ein erfaren og kompetent styreleiar. Dette vil vere viktig i ei spanande og utfordrande tid.

-Eg var aldri i tvil om å bidra, når banken først spurte om eg kunne stille opp. Eg er svært motivert og gleder meg til å ta til som styreleiar i banken. Bank og finans har nok endra seg noko sidan sist, men føler eg sit med god erfaring og rett kompetanse, som vil kome godt med i arbeidet og dei utfordringane som ligg føre oss i styret, seier Indresøvde i ein kommentar. Han legg også til at han ser fram til å samarbeide med bankens nye administrerande direktør Stig Brautaset.Han er ein erfaren og dyktig bankleiar, akkurat det banken treng no, seier Indresøvde. 

Banken sitt styre er samansett med følgjande medlemar:

  • Harald Indresøvde (leiar)
  • Hege Karete Hamre (nestleiar)
  • Arne Steinsvik
  • Arild Myrvoll
  • Tove Krøvel
  • Elias Mårstøl (tilsettrepresentant)

Kontaktinformasjon:

Harald Indresøvde, styreleiar, mobil 99 37 86 10

Hallvard Bjørneset, Adm. Banksjef, mobil 98 28 78 66