2016

Godt resultat for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

SpareBank 1 Søre Sunnmøre fekk eit resultat etter skatt for konsernet på 75,1 mill. kroner mot 43,1 mill. kroner same periode i fjor. 

14. november 2016

Eigenkapitalavkastninga er på 12,7 % mot 7,5 % same tid i fjor. Rein kjernekapital er på 14,1 %. Eigenkapitalen i konsernet er på 832,3 mill. kroner utan fondsobligasjonen etter tredje kvartal  og utgjer 9,9 % av forvaltningskapitalen.

Administrerende direktør Stig Brautaset er glad for å konstatere at banken kan vise til eit godt resultat gjennom god underliggande drift med auka rentenetto og god kostnadsutvikling. Eingongshendingar ved sal av aksjeposter gir også ein fint tilskot til årets resultat.  Rein kjernekapitaldekning er på 14,1 % mot noverande krav på 11,5 % og eigenkapitaldekninga er god.

 

Fin utlånsvekst

Forvaltningskapitalen har siste 12 månader vokse med 0,2 %, medan utlån totalt auka med 2,3 %.  Her er utlån til privatmarknaden er auka med 5,2 % og tilsvarande har føretakslån gått ned med 7,1 % i same periode. Innskot er auka med 4,3% siste 12 månader og innskotsdekninga syner positiv utvikling og er på 79,3 % (79,0 %).

Vi er konkurransedyktig og attraktive og får stadig nye personkundar og det har gitt ein fin vekst på personmarknaden.  Utlån i bedriftsmarknaden har gått noko ned, blant anna som ein konsekvens av reduksjon i økonomisk vekst, konkurransesituasjonen og behovet for å styre kapitaldekningssituasjonen.  Vidare er vi tilfreds med å auke innskot frå kundar samstundes som ekstern obligasjonsfinansiering går ned,  då det vil bidra til ein betra rentenetto, seier Brautaset.

 

Tapsutvikling

Tap på utlån er på 18,2 mill. kroner i 2016 (14,4 mill. kroner i 2015), av dette er avsetninga for gruppevise på 16,5 mill. kroner (1,2 mill. kr). Gruppevise avsetningar er på 0,52% i prosent av totale utlån, tilsvarande er den gruppevise avsetninga for føretakslån på 1,7% ved utgangen av tredje kvartal.

Vi har ein reduksjon i individuelle tap i forhold til tidligare, men teke større avsetning i gruppevise tap som ein konsekvens av dei usikre forhold som næringslivet og spesielt oljerelaterte næringar er inne i. Slik vi opplever situasjonen, seier Brautaset, ser det ut til at banken vil kome greitt ut for våre engasjement, men vel å vere føre varr med avsetningar.

 

Rentenetto

Brautaset seier vidare at det er med stor tilfredshet at banken kan vise til ei auke i rentenetto i kroner for konsernet er auka med 7,8 mill kroner frå same periode i fjor (+8,6%) og rentenettoen er på 1,58 % hittil i år mot 1,45 % ved utgangen av Q3 2015. Dette vil bidra til ein styrka bank som kan vidareføre sitt mandat i vårt lokalområde.

 

Kostnadsutvikling

I morbanken er kostnadane redusert frå 85 mill. kroner til 81,8 mill. kroner ved utgangen av tredje kvartal.  Kostnadsprosenten i år er på 41,5 % mot 55,7 % same periode i fjor.

Kostnadsutviklinga vil ha stor merksemd framover, då det er ei stor utfordring med presset bankane opplever på rentenetto.  Vi ser også at kundeadferda endrar seg og vi må vere med på å tilpasse vår driftsform til dei krav som kundane har.

 

Nøkkeltal

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor:

  • Morbanken sitt resultat før skatt er 87,1 mill. kr (53,2 mill. kr.)
  • Eigenkapitalavkastning etter skatt morbank 13,2 % (7,9 %)
  • Eigenkapitalavkastning etter skatt for konsern er 12,7 % (7,5 %).
  • Netto provisjons- og andre inntekter utgjer 65,4 mill.kr (71,0 mill.kr) og tilsvarande i mor: 49,8 mill.kr (52,3 mill. kr)
  • Netto avkastning på finansielle investeringar 47,1 mill. kr (16,1 mill. kr)
  • Utlånsvekst 12 mnd i eigne bøker 250,6 mill. kr (487 mill. kr)
  • Utlånsvekst i 2016 inklusiv overføring til SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt 312,7 mill.kr. (338 mill. kr)
  • Innskotsvekst 12 mnd 223,7 mill. kr (464 mill. kr)
  • Kapitaldekning konsolidert 16,18 % (16,08 %)
  • Rein kjernekapitaldekning konsolidert er 14,10 % (14,04 %).


Kontaktpersonar

Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448
Per Olav Opsal
Banksjef Økonomi og finans
98287840