2016

Stabil og god utvikling

Stabil og god utvikling for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

15. august 2016

SpareBank 1 Søre Sunnmøre fekk i første halvår 2016 eir konsernoverskot etter skatt på 38,6 millionar kroner, mot 37,8 millionar kroner i same periode 2015. Banken har auka dei gruppevise nedskrivingane på utlån i lys av den krevjande situasjonen innan olje og offshore.

Første halvår kjenneteiknast av stabil og god underliggande drift, med auke i rentenetto, reduserte driftskostnader, lågt misleghald, god vekst på bustadlån, men auke i tapsavsetningar.

Vi er rimeleg nøgde med det underliggande resultatet i første halvår, og ser klare positive trendar.

 

Utlån

Banken har dei siste åra hatt ein god vekst, spesielt på personmarknaden, og denne utgjer no ca. 80 % av dei totale utlåna. Utlån mot eigedom er redusert, oljerelatert industri er minimal, medan vi har engasjement direkte mot offshore rederi. Dog utgjer utlån til offshore kun 4.4 % av totale utlån. Banken har ei god fordeling innanfor ulike bransjar. Banken arbeider godt saman med kundane om å finne gode løysingar i ei krevjande tid.   

På generell basis må vi ta høgde for at marknaden kan utvikle seg ytterlegare negativt og vi har derfor auka gruppevise nedskrivingar vesentleg i 2016. Korleis utviklinga i oljepris og følgjeeffektane frå oljerelaterte bransjar vil utvikle seg er vanskeleg å forutsjå, men det ser ut som banken kan kome greitt ut av situasjonen, seier Brautaset.

Til tross for usikkerheita i marknaden kan banken konstatere ei betring i risikoklassifiseringa av den totale kundeportefølje både for bedrifts- og personkundemarknaden første halvår 2016.

 

Innskot

Innskota har auka med 147 millionar kroner dei siste 12 månadane og innskotsdekninga per 30.6.2016 utgjer 79,3 %. Banken vil framover arbeide for ytterlegare auke i innskotsprosenten.

 

Auka tap

Mens nivået på misleghald fortsetter på eit lågt nivå, aukar banken gruppevise tapsavsetningar med 12,6 millionar kroner til 32,5 millionar kroner. Samla nedskrivingar per 30.6.2016 utgjer 49,5 millionar kroner. Banken har no samla gruppevise avsetningar på 0,46 % av samla utlån, samt individuelle avsetningar på 0,24 %. Dette for å ta høgde for moglege tap. Banken kjem til å gjere ytterlegare avsetningar i 2. halvår.

 

Eigedomar

Banken har som målsetting å selje seg ut av eigedomsposisjonar og arbeider med konkrete løysingar.

 

Marknadsposisjon

SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal være den leiande banken for personkundar og små og mellomstore bedrifter på søre Sunnmøre. Vi vil framover i større grad spisse denne profilen og tilpasse risikoprofilen til banken sin kapasitet.

Sjølv om regionen er prega av utfordringar innan offshore, opplever vi samstundes at store deler av næringslivet går godt, med gode marknadsutsikter.

 

 

Drivkraft

SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal framleis vere ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke på søre Sunnmøre. Framover legg vi vekt på å bidra til ei god utvikling for våre kundar og deira behov. Vi vil bidra til at vårt område handterer utfordringane som regionen og landet står overfor, og få til naudsynt omstilling og framgang.

  

Nøkkeltal

(1. halvår 2015- tal er oppgitt i parentes.)

  • Konsernoverskot etter skatt; 38,6 mill.kr. (37,8 mill.kr.)
  • Rentenetto i konsernet 64,9 mill. (58,9 mill.kr.)
  • Rentenetto i konsern, prosent av forvaltningskapital; 1,49 % (1,42 %)
  • Auke i gruppevise avsetningar på 12.6 mill. kr. til 32,5 mill.kr. frå 31.12.15 
  • Innskotsdekninga i konsern er på 79,3 % (79,7 %)
  • Kostnadsprosent i morbanken 44,2 % ( 47,6 %)   
  • Eigenkapitalavkastning morbanken 13,2 % (10,7 %)
  • Eigenkapitalavkastning i konsernet 9,9 % (10,0 %)

Kontaktperson

Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448