2016

Tek høgde for urolege tider

- Men opplever samtidig vekst i personmarknaden

17. februar 2016

 

SpareBank 1 Søre Sunnmøre fekk i 2015 eit konsernoverskot etter skatt på 32,8 millionar kroner, mot 100,2 millionar kroner i 2014. Resultatet er påverka av m.a. nedskrivingar på aktiva i dotterselskap, lågare avkastning på finansielle eignelutar og nedskrivingar på engasjement og gruppevise nedskrivingar. 2015 har eit svakare resultat og avkastning enn 2014, somvar eit rekordår for banken.

Eigedom

SpareBank 1 Søre Sunnmøre tek konsekvensen av utviklinga i marknaden og har skreve ned verdien av eigedommar i 2015-rekneskapen, noko som har stor innverknad på årsresultatet for morbank og konsernet. Administrerande Direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre Hallvard Bjørneset er likevel optimistisk i forhold til eigedomane.

- Vi er inne i ei god utvikling på eigedomssida. Vi har fått realisert ein god del og vi har no ei god plattform for å utvikle desse einingane ytterlegare.

 

Utlån

Banken har dei siste åra hatt ein god vekst, spesielt på personmarknad, og denne utgjer no knapt 80 % av dei total utlåna. Spesielt viser personmarknaden god utvikling både på utlånsvekst og god risikoklassifisering. Bedriftsmarknaden er prega av vårt marknadsområde. Utlån til eigedom er redusert, oljerelatert industri er minimal, medan vi har engasjement direkte mot offshore. Denne utgjer no 450 millionar kroner, og er fordelt på fleire engasjement. Dei har ulik struktur med tilfredsstillande sikkerheitsdekning, men likevel er der usikkerheit for korleis utviklinga vert.

- På generell basis må vi ta høgde for at marknaden kan utvikle seg ytterlegare negativt for næringslivet og har derfor auka gruppevise nedskrivingar vesentleg i 2015. Korleis utviklinga i oljepris og følgjeeffektane frå oljerelatert bransjar vil utvikle seg er vanskeleg å forutsjå, sier Bjørneset. Usikkerheita om utviklinga i dei forskjellige bransjar og for privatpersoner er avhengig av korleis den generelle økonomiske utvikling elles kjem til å bli.

 

Nye krav til kompetanse

Globale uvisse innan finansnæringa og innføring av ny teknologi, gjer at banken kjem til å ha sterkt fokus på kostnadssida framover. Heile banknæringa er i endring, og ny teknologi tek over stadig fleire av oppgåvene. Tekniske løysingar gjer at kundane kan ordne mykje av banktenestene sine sjølve.

- Vi må tenke annleis enn vi har gjort tidlegare, og legge meir vekt på rett kompetanse blant dei tilsette. Vårt konkurransefortrinn er at vi kjenner vår region, situasjonen for kundane og kan gi gode råd innan lånefinansiering, forsikring, sparing og pensjon, seier Bjørneset.

 

Drivkraft

SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal framleis vere ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre. Framover legg vi vekt på å bidra til ei god utvikling for våre kundar og deira behov. Vi vil bidra til at vårt område handterer utfordringane som regionen og landet står overfor, og få til naudsynt omstilling og framgang.

 

Nøkkeltal

2014- tal er oppgitt i parentes.

  • Konsernoverskot etter skatt; 32,8 mill. (100,2 mill.)
  • Rentenetto 123,7 mill. (116 mill.)
  • Rentenetto i konsern, prosent av forvaltningskapital; 1,49 prosent (1,42 prosent).
  • Innskotsdekninga i konsern er på 77,1 prosent, som er same nivå som i 2014.

Kontaktperson

Hallvard Bjørneset
Banksjef personmarknad
98287866