Verdsnyheit frå mCASH

No kan du sende pengar direkte i Snapchat og Messenger - og alle andre sosiale appar

19. desember 2016

Som første betalingsaktør i verda lanserer mCASH eit eige tastatur som gjer at brukarane kan sende pengar direkte frå Messenger, Snapchat og alle andre sosiale appar. Lanseringa er del av ei betydeleg satsing på sosial betaling. Med det nye mCASH-tastaturet tek vi vennebetaling eit steg vidare, ved å smelte sosial kommunikasjon og betaling saman som ei oppleving.

 

Sosial betaling. På ekte.

Med samansmeltinga av sosiale media og betaling blir det både enklare og meir morosamt å gjere opp for seg vener imellom. Over tre millionar nordmenn brukar sosiale media kvar dag, i følge tal frå SSB. Samtidig har vennebetalingar på mobil tatt av blant norske forbrukarar det siste året. Berre i mCASH alene gjennomfører 50 prosent av brukarane vennebetalingar kvar månad, og i 2017 er det forventa at bruken fortset å auke.

Fram til no har brukarane av mobilbetalingstenester i Noreg måtte brukt ein eigen app for å gjennomføre betalingstransaksjonar. Det er ikkje lenger nødvendig. Med det nye tastaturet til mCASH kan brukarane overføre pengar i dei sosiale appane dei brukar til ei kvar tid, slik som WhatsApp, Messenger, Instagram, Snapchat og den tradisjonelle sms’en.

– Vi flyttar betaling dit brukarane allereie har dialogen – uavhengig av kva app dei brukar. Vennebetaling har blitt svært populært fordi det krevjer langt mindre enn å logge inn i nettbanken. Samtidig veit vi at dialogen mellom menneske aldri startar i ein betalingsapp, men snarare i sosiale appar som Messenger og Snapchat. Som mobilbetalingsaktør må vi vere til stades der samtalane allereie foregår og det er derfor vi no har lansert mCASH-tastaturet.

 

Integrerer bankkontoane i mCASH

Fram til i dag har ein knytt opp betalingskortet sitt i betalingsappane. Vi har no tatt steget vidare og knyttar brukskontoane i SpareBank 1 direkte i mCASH appen. Dersom ein har registrert seg med BankID i mCASH får du no tilgang til bankkontoane der og kan bruke kontoane som pengekjelde når du handlar eller gjer vennebetaling. Dette betyr at du kan sjå saldoen din når du skal gjere betalingar, og du kan overføre direkte frå konto i staden for kort.

Godt eigna for lag og foreiningar

mCASH har blitt populært blant lag og foreiningar på søre Sunnmøre. Til no er det 145 lag og foreiningar som tek i mot betaling med mCASH. Folk har i dag mindre og mindre kontantar med seg i lommeboka og ikkje alle mindre organisasjonar kan ta i mot kortbetaling. Kortterminalar kostar mykje å eige eller leige. mCASH er gratis å etablere for lag og foreiningar. Trenden her at det er mange kioskar som ser nytte i mCASH, men også kollektinnsamling, bomvegar og parkering er plassar ein ser stor nytte i å ta i bruk mobilbetaling. 

Pressekontakt

Hallvard Bjørneset
Banksjef personmarknad
98287866