2016

Vi set ned renta

SpareBank 1 Søre Sunnmøre set ned renta på bustadlån med inntil 0,15 prosentpoeng.

31. mars 2016

- Vi er inne i ei periode med uvisse om landet sin økonomi, noko som vil kunne halde rentenivået lavt lenge. Prisen på pengar i pengemarknaden har i liten grad blitt påverka av at styringsrenta like før påske blei sett ned. Likevel set vi ned bustadlånrenta for fortsatt å kunne tilby konkurransedyktige vilkår for kundane våre, seier Adm. direktør Hallvard Bjørneset.

På grunnlag av marknadssituasjonen set vi ned bustadslånsrenta med inntil 0,15%. 

Dei nye rentevilkåra vil gjelde frå tysdag 5. april, og frå 6. juni på eksisterande lån. Du som kunde vil bli varsla i nettbanken i veke 14 om korleis rentenedsettinga påverkar lånet ditt.  

Samtidig med rentenedgongen på utlån vil også renta på innskot bli justert ned.


Få meir ut av rentekuttet

Dei historisk lave rentesatsane er ei god mulegheit til å betale ned meir på lånet. Be om å få beholde same månadlege beløp som før, eller sett av litt ekstra på konto eller i fond - og bygg deg opp ei god reserve til uforutsette utgifter, eller til å kjøpe deg noko du har ønska deg.


Kva lurer andre på?

 

Når gjeld den nye renta?

Ny rente på bustadlån gjeld frå 5. april, og frå 6. juni på eksisterande lån. Du vil bli informert om di nye rente i dialogboksa i nettbanken eller per post i veke 14. 

Kva rente får lånet mitt etter endringa?

Du ser den nye renta på lånet ditt i nettbanken den 5. april. Oppdatert prisliste på nettsida kjem også då. 

Kvifor tek det fleire veker før lånet blir satt ned?

Vi, som dei fleste andre bankar, praktiserer å varsle to månadar i forkant av renteendringa. Derfor går det ca. to månadar før lånet ditt får ny rente. 

Kvifor får enkelte lån større endringar enn andre?

Størrelsen på lånet, sikkerheit og beteningsevne er med på å bestemme kva låneprodukt du har og korleis desse er prisa. 

Kvifor blir ikkje renta på lånet mitt satt ned?

Det er hovudsakeleg lån med god sikkerheit som får prisendring denne gongen. 


Pressekontakt

Hallvard Bjørneset
Banksjef personmarknad
98287866