Forslag om etablering av eigardelskapital i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Styret i SpareBank 1 Søre Sunnmøre har vedteke
forslag om etablering av eigardelskapital ved utsteding av eigenkapitalbevis gjennom ein garantert emisjon.

7. juni 2017

Styret i SpareBank 1 Søre Sunnmøre vedtok i møte den 7. juni 2017 å foreslå for generalforsamlinga at banken etablerer eigardelskapital ved utsteding av minimum 500 000 og maksimum 1 000 000 eigenkapitalbevis, kvart pålydande NOK 100 og til teikningskurs 104. Det er etablert eit garantikonsortium som sikrar minsteteikning i emisjonen.

Forslaget om utsteding av eigenkapitalbevis vil bli lagt fram for handsaming i bankens generalforsamling den 21. juni 2017. Betinga av naudsynt vedtak i generalforsamlinga, samt naudsynte godkjenningar frå Finanstilsynet, vil emisjonen verte gjennomført i fyrste halvdel av september 2017.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre i vekst SpareBank 1 Søre Sunnmøre har dei seinare åra vist god og stabil underliggjande drift med aukande rentenetto og andre inntekter. Kostnadsprosenten er relativt låg. Risikoprofilen i utlånsporteføljen er blitt betra og eigenkapitalavkastninga er god. Banken har tru på fortsatt god utvikling i framtidige resultat.

Banken ynskjer å styrke eigenkapitalen med ein eigenkapitalemisjon slik at det er ein god soliditetsbuffer til regulatoriske krav. Dette vil bygge eit sterkare fundament og ein meir robust bank, som kan vekse i utvalde segment.

Med ei sterk lokal forankring og framtidsretta digitale løysingar har banken eit unikt konkurransefortrinn.

Gjennom ein tydeleg satsing/profil skal banken ha fokus på personkundar, SMB-marknaden, samt utvalde større bedrifter. Banken kan bidra til endå sterkare vekst og utvikling på Søre Sunnmøre. 

Banken ønskjer at lokale investorar skal knytast nærare til banken og få ta del i verdiskapinga, samt at banken vil styrke banda til lokalt næringsliv.

Pressekontakt

Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448