Resultatframgang for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Etter årets 3 første månader oppnådde banken eit konsernresultat etter skatt på 21,6 mill. kroner mot 9,0 mill. kroner same tid i fjor.

12. mai 2017

Rein kjernekapital er auka frå 12,88 % til 13,74 % i same periode i fjor, og det utan at det positive resultat er innrekna. Soliditeten er soleis styrka.

-        dei siste 12 månadane viser ein vekst i utlån til personmarknaden på 7 %, som er over landsgjennomsnittet.  Dette viser at banken er konkurransedyktig og vinn marknadandelar. På bedriftsmarknaden er utlån til bedriftsmarknaden vore stabil i 2017, medan det i 12 månaders perioden har ein tilbakegang på 17 %. Dette grunna reduksjon i store engasjement og syndikat, som har vore ein bevisst strategi seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Kredittkvaliteten på bankens utlån har betra seg og risikoklassa svært låg utgjer ved utgangen av kvartalet 47 % mot 39 % same periode i fjor. 

-         Kredittkvaliteten på bankens utlån har også hatt ei positiv utvikling over tid og banken er no i ein gunstig situasjon samanlikna med mange andre finansinstitusjonar og dette dannar eit godt grunnlag for ei sunn og god bankdrift konstaterer Brautaset.

Innskotsveksten har auka med 6,7% dei siste 12 månader. Innskotsdekninga er ved utgangen av kvartalet på 80,9 % mot 76,9 % året før. Dette er ei positiv og tilsikta utvikling.

 

Effektiv drift

Resultat frå underliggande bankdrift er betra med 1,2 mill. kroner frå same tid i fjor.  Det er sterk konkurranse i marknaden og banken er tilfreds med å betre rentenettoen med 0,5 mill. kroner til 32,6 mill. kroner.

Driftskostnader er redusert med 0,9 mill. kroner i morbank (rein bankdrift) og enda på 28,9 mill. kroner og korrigert for den nylege innførde finansskatten, er betringa i kostnader på 1,5 mill. kroner frå same tid i fjor.

Vi konstaterer at dei tiltaka vi har satt i verk bidreg til å styrke bankens økonomiske utvikling. Konkurransen i marknaden er som sagt tøff og vi må fortsette arbeidet med å forenkle og effektivisere banken. Samstundes

arbeider vi med ulike tiltak for å styrke bankens kompetanse på fleire områder, for å sikre at våre kundar skal blir meir og meir tilfreds med oss framover, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

 

Lågare tap    

Netto tapsavsetning i årets 3 første månader utgjer 1,1 mill. kroner, mot 4,7 mill. kroner i same periode i fjor.  Totale avsetningar for tap er balanseført til 73,1 mill. kroner. Dette utgjer 1,03 % av utlån.  Banken har soleis bygd opp ein buffer for moglege tap. Netto tapsutsette engasjement syner ein tilbakegang på 34 mill. kroner i dei siste 12 månader. 

-         Vi forventar moderate tap på utlån og garantiar i 2017, seier Brautaset i ein kommentar.  Misleghaldet er lågt, samstundes som oljerelaterte næringar har fått strukturert sin finansielle posisjon og det kjem stadig oftare fleire positive nyhende frå bransjen.  Det øvrige næringslivet i vår region ser ut til å klare seg bra, og det ligg til rette for god aktivitet framover. 

Nøkkeltal 1 kvartal 2017 (konsern)

  • Rentenetto32,6 mill. kr/1,57%. (32,1 mill. kr/1,54%)
  • Resultatfør skatt 27,1 mill. kr. (10,9 mill. kr )
  • Eigenkapitalavkastningaetter skatt er 10,16 % (4,7 %).
  • Nettoprovisjons og andre inntekter 20,2 mill.kr ( 20,7 mill. kr.)
  • Nettoavkastning på finansielle investeringar 9,2mill. kr (-2,1 mill.kr.)
  • Utlånsvekst12 mnd i eigne bøker auka med 97 mill. kr (294 mill. kr.)
  • Utlånsvekst12 mnd inklusiv overføring til Boligkreditt auka med 102 mill.kr. (591 mill.kr)
  • Innskotsvekst12 mnd 351 mill. kr. (122 mill. kr.)
  • Eksternfunding 12 mnd er redusert med 498 mill kr.
  • Kapitaldekninger 16,91 % (14,98 %)
  • Reinkjernekapital er 13,74 % (12,88 %)

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor.

Pressekontakt

Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448