Godt år for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Vi er særs nøgd med å kunne presentere eit godt resultat for banken i krevjande tider med ei veldig positiv underliggande bankdrift.

15. februar 2017

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har eit konsernresultat for 2016 på 91,8 mill. kroner mot 33,1 mil. kr i 2015. Morbanken har eit resultat etter skatt for rekneskapsåret på 71,4 mill.kroner eller 0,85 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK). Tilsvarande tal for 2015 var 20,8 mill. kroner eller 0,4 % av GFK.

Administrerande Direktør Stig Brautaset :  Vi er særs nøgd med å kunne presantere eit godt resultat for banken i krevjande tider med ei veldig positiv underliggande bankdrift.  Han berømmer dei tilsette for aktivt og målretta arbeid for å yte det beste for kundane og drive god bank.

Brautaset uttaler vidare at dei har vore eit fokus på god bankdrift, reduserte kostnader og omstilling til den auka konkurransesituasjonen.

Netto renteinntekter utgjer 138,4 mill. kroner og er 1,66 % av GFK i morbank, dette er auke på 6,0 % frå 2015. 

Avkastning på finansielle plasseringar hadde eit resultatbidrag på 56,3 mill. kroner, mot 18,1 mill. kroner i 2015. Banken har ved avvikling av SamSpar Bankinvest II og sal av aksjar i VISA Europa kunne bokføre omlag 18,5 mill. kroner som henhaldsvis gevinst på verdipapir og utbytte.

Driftskostnadane i morbank er redusert med 7,2 mill. kroner, og kostnadane utgjer 43,6 % (57,4 %) i forhold til samla inntekter. Konserntala er prega av verksemda til dotterselskap, men kostnadsprosenten i konsernet er på 45,8 %.

Banken har i 2016 bokført 32,9 mill. kroner i tap på utlån mot 25,4 mill. kroner i 2015. Dette tilsvarar 0,46 % av GFK mot 0,36 % i 2015. Av årets tap er gruppevise avsettingar auka med 19,1 mill. kroner (0,27 % av årets tap mot GFK). Avsetting til gruppevise tap er dobla i løpet av 2016. Størstedelen av denne tapsavsettinga i 2016 er retta mot oljerelaterte næringar, men er avsettingar (ikkje konstaterte tap). « Våre kundar i offshoremarknaden har vore gjennom krevande forhandlingar av lånevilkåra og det meste har eller ser ut til å lande på ein god måte både for kunde og bank. Det er likevel fortsett krevande tider for bransjen med betydelig usikkerhet.  Banken har lagt seg på ei forsiktigheitslinje med omsyn til å lage buffer for ytterlegare forverring sjølv om situasjonen ser ut til å stabilisere seg, seier Brautaset. 

Banken har redusert si eksponering på eigedomar i konsernet ved avhending i 4. kvartal på eit dotterselskap og ein tilknytt selskapspost. Vidare er enkeltobjekt avhenda i løpet av året. Konsernet går i noko større grad meir tilbake til sin kjernedrift.

Ved årsskiftet var forvaltningskapitalen i konsernet 8.367,8 mill. kroner. Dette er ei auke i høve fjoråret med 122,5 mill. kroner som tilsvarar 1,5 %. Forretningskapital i konsernet er på 10.749 mill. kroner (10.423 mnok.) - ei auke på 3,0 %.

Utlån har auka med 3,3 % i 2016. Inkludert desse overføringane har veksten på personmarknaden vore 7,2%, medan bedriftsmarknaden er redusert med 13 %.

Konsolidert utgjer kapitaldekninga 16,92 % (15,79 %). Rein kjernekapitalen i konsern er på 15,11 % (14,22 %) og i morbanken er rein kjernekapital 14,49 % (13,76 %). Brautaset seier i ein kommentar at dette er ei vesentleg betring frå tidlegare og vi ligg no godt over dei regulatoriske krava.  

Pressekontakt

Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448