God utvikling for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Etter første halvår har morbanken fått eit totalresultat etter skatt på 57,8 mill. kroner mot 47,0 mill.kroner i fjor på same tid. Underliggande bankdrift er bedra med 5 mill. kroner.

15. august 2017

Utlånsvekst på personmarknaden i år er på 8,2 % på årsbasis. 12-måneders veksten i personmarknaden er på heile 9,3 %. Innanfor bedriftsmarknaden er 12 månadsveksten negativ med 7,9 %.

- Dette viser at banken har konkurransedyktige vilkår og at organisasjonen arbeider målretta og godt på marknaden, seier Administrerande Direktør Stig Brautaset. Vidare er det eit stort fokus på å tilpasse arbeidet blant våre medarbeidare til å vere effektive og tilgjengelege i der kundane vil oppsøke oss. Nedbygginga på bedriftsmarknaden har skjedd på områder vi ikkje definere rsom hovudområda våre, bl.a. syndikat og liknande. Vårt primærområde er lokale og små og mellomstore bedrifter.

Innskotsveksten i dei siste 12 månander er på 6,5 %. Innskotsdekning har no auka til 82% mot 79,3% siste halvår i fjor.

- Dette viser at vi har gode vilkår på våre innskot og at kundar flytter midlar til vår bank, kommenterer Stig Brautaset. Innskot er viktig for banken og det vil fortsatt vere eit prioritertområde å kunne vekse innfor dette. Saman med dei andre tenester og produkt vi tilbyr, er viein attraktiv bank for dei fleste kundar på Søre Sunnmøre, legg han til.

Førtidspensjonering

Det er inngått avtale med dei over 62 år om førtidspensjoneringavtalar, der 7 av 8 har akseptert. I denne samanheng er det i dette kvartalet kostnadsført 5,5 mill. kroner i estimat på framtidige kostnadar. Avtalane har varierande lengde avhengig av tilsettingstid og attverande tid før pensjonsalder vert oppnådd. Dette er eit ledd i å redusere antall årsverk i banken.

Effektiv drift

Resultat frå underliggande bankdrift er betra med 0,7 mill. kroner frå same tid i fjor. Det er sterk konkurranse i marknaden og banken er tilfreds med å betre rentenettoen med 1,7 mill. kroner hittil i år til 67,0 mill. kroner. Rentenetto i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital er auka frå 1,65 % til 1,71% i morbank i første halvår.

Driftskostnader er auka med 5,6 mill. kroner i morbank og enda på 61,6 mill. kroner, men korrigert for ekstraordinær avsetjing til sluttpakkar for førtidspensjonering og den nylege innførde finansskatten (1,2mill. kroner), er betringa i kostnader på 1,1 mill. kroner mot same tid i fjor.

- Vi konstaterer at iverksette tiltak på nye arbeidsmetodar og vår styring av ressursar har effekt oggjev positiv verknad, og vi ser at dette vil fortsette framover. Samstundes arbeider vi med å hente ut effekt av pågåande prosessar både i alliansen og i banken for å styrke bankens kompetanse og vere målretta i aktiviteter for å tilpasse oss våre kundars behov i marknadsområdet, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Lågare tap

Det er gjort avsetjingar og konstatering av tap på tilsaman 16,8 mill. kroner mot 17,7 mill.kroner sametid i fjor. Dette er bl.a. ei auke innanfor offshore og i samanheng med at eit dotterselskap er avhenda. Ein vesentleg del av tapa har fortsatt sin bakgrunn i engasjement innvilga på 2000-talet. No har vi gjort einstor jobb med å rydde opp i portefølja, seier Brautaset.

Totale avsetningar for tap er balanseført til 81,8 mill. kroner. Dette utgjer 1,12 % av utlån. Banken har soleis bygd opp ein buffer for moglege tap. Brutto tapsutsette engasjement syner ein tilbakegang på 12mill. kroner i dei siste 12 månader.

- Vi forventar lågare tap på utlån og garantiar vidare i 2017, seier Brautaset i ein kommentar. Misleghaldet er lågt, samstundes som oljerelaterte næringar har fått strukturert sin finansielleposisjon og det kjem stadig oftare fleire positive nyhende frå bransjen. Det øvrige næringslivet ivår region ser ut til å klare seg bra, og det ligg til rette for god aktivitet framover.

Konsernet

Dei tidlegare heileigde dotterselskap Hotell Ivar Aasen AS og Mosflata Næringbygg AS vart hhv. juni2017 og desember 2016 avhenda. Dette påverkar i vesentleg grad samanlikningstala for konsernet.

Felleskontrollerte selskap har i år gått over til gjennomstrøymande utbytte, der utbytte desse selskapa får eit år, vert utdelt til eigarane same år, der det tidlegare vart utdelt året etter. Dette bidreg til auka utbytte i morbanken i 2017 med 21,5 mill. kroner. I konsernrekneskapen vert dette utlikna og har ikkje effekt.

Etter første halvår har konsernet fått eit totalresultat etter skatt på 32,1 mill. kroner mot 38,6 mill. kroneri fjor på same tid. Underliggande drift er bedra med 1,6 mill. kroner.

Eigarkapital - Foreståande emisjon

Bankens generalforsamling har 21.juni 2017 vedteke å gjennomføre ein emisjon av eigenkapitalbevis ibanken på 50-100 mill. kr. Det er etablert eit garantikonsortium på 50 mill. kr.

Finanstilsynet har godkjent at banken kan gjennomføre ein emisjon. I prosess med rådgjevarar og Finanstilsynet held banken på med å utferdige eit emisjonsprospekt.

Sjølve teikningsperioden er satt 4.-18. september 2017. Gitt eigarandelskapital på 100 mill. kr vil reinkjernekapitaldekning auke med 2,4 %, med balansen per 30.6.2017. Emisjonen vil dermed gje ei styrking av soliditeten til banken. Styrka soliditet gir grunnlag for ny vekst og utvikling. Potensialet for banken erstort, men vi skal vekse med ein lån/moderat risikoprofil. Vi skal vere ein solid og trygg bank, seier Brautaset.

Banken vil aktivt informere om emisjonen i tida framover. Vi ynskjer i størst mogleg grad å la lokalepersoner og bedrifter få vere med på den verdiskapinga banken representerer. Investeringar ieigenkapitalbevis kan ved emisjonen vere frå 10 tusen og oppover, seier Stig Brautaset.

Nøkkeltal 2. kvartal 2017
(konsern der ikkje anna er nemnt):

  • Morbanken sitt resultat før skatt utgjer 64,8 mill. kr (53,1 mill.kr)
  • Eigenkapitalavkastning etter skatt i morbank er 14,5 % (13,2 %)
  • Eigenkapitalavkastninga etter skatt for konsern er 7,4 % (9,9 %)
  • Kostnadsprosent i morbank er 40,1 % (44,2 %)
  • Rentenettoprosent i morbank er 1,71 % (1,65 %)
  • Netto provisjons- og andre inntekter utgjer 41,9 mill.kr (43,2 mill.kr) i konsern, medan i morbank erredusert det med 0,9 mill kr frå same tid i fjor, til 32,0 mill kr.
  • Netto avkastning på finansielle investeringar er 22,8 mill. kr (22,1 mill. kr)
  • Tap på utlån første halvår er på 16,8 mill. kr (17,7 mill.kr). Nedskriving av aksjar i konsernet utgjer 3,2mill. kroner.
  • 12 mnd utlånsvekst i eigne bøker er 207 mill. kr (220 mill. kr) som utgjer 2,9 %.
  • Utlånsvekst i 2017 inklusiv overføring til SpareBank 1 Boligkreditt 223 mill.kr. (467 mill. kr) utgjer eiauke på 3,5 % (5,3 %)
  • 12 mnd innskotsvekst er 362 mill. kr (147 mill. kr), som utgjer 6,5 % (2,7 %)
  • Kapitaldekning er 18,34 % (15,05 %)
  • Rein kjernekapital er 14,95 % (12,85 %)

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor

Pressekontakt

Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448