Stabil underliggande drift og styrka soliditet

Etter tredje kvartal har konsernet fått eit totalresultat før skatt på 65,1 mill. kr mot 88,7 mill. kr i fjor på same tid. 

15. november 2017

Nedgangen er i hovudsak på posten for Netto avkastning på finansielle investeringar med 19 mill. kr på grunn av føring av eingongsgevinstar ved sal av aksjar på vel 18,2 mill. kr. i 2016. 

Eigenkapitalavkastninga er på 8,1 %. Forvaltningskapital er på 10,9 mrd. kr inkludert sal av lån til SpareBank 1 Boligkreditt AS og SpareBank 1 Næringskreditt AS.

Veks vidare

Samla utlån inkludert SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt har vokse med 4,1 % i 2017. Utlånsvekst på personmarknaden i år er på 6,2 % på årsbasis. 12-måneders veksten i personmarknaden er på heile 6,8 %. Innskotsveksten dei siste 12 månander er på 2,5 %. Innskotsdekning er på 77,9 % mot 79,3% same tid i fjor.

-         Det er stor aktivitet i personmarknaden og banken aukar sin marknadsandel i dette segmentet. Dette viser at banken er konkurransedyktig og at organisasjonen arbeidar målretta og godt i marknaden, seier Administrerande Direktør Stig Brautaset. Nedbygginga på bedriftsmarknaden har skjedd på områder vi ikkje definerer som våre hovudområda, bl.a. syndikat og liknande.  Vårt primærområde er lokale, små og mellomstore bedrifter.

Effektiv drift

Det er sterk konkurranse i marknaden og banken er tilfreds med å betre rentenettoen med 4,8 mill. kr til 103,6 mill. kr.  

Driftskostnadar er auka med 2,5 mill. kroner i konsernet og enda på 101,8 mill. kr, og kostnadsprosenten er 52,9 % ved utgangen av tredje kvartal mot 47,0 %  på same tid i fjor. I morbanken er kostnadsprosenten på 43,5 % mot 41,5 % same tid i fjor. Korrigert for ekstraordinær avsetning til sluttpakkar for førtidspensjonering på 5,5 mill. kr og den nyleg innførde finansskatten på 1,8 mill. kr som begge var 0 same tid i fjor, så er kostnadane lågare enn mot same tid i fjor . Utan desse to nye postane i 2017, ville kostnadsprosenten i morbanken vore 39,9 % i tredje kvartal.

-         Effektiv og god bankdrift vert viktig for å skape gode kundeopplevingar og kunne tiltrekke oss kundar. Samstundes arbeider vi med å hente ut effektar av pågåande prosessar både i alliansen og lokalt, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Det er gjort avsetningar og konstatering av tap på 22,4 mill. kr mot 18,2 mill. kr same tid i fjor. Dette er bl.a. basert på ei auke innan offshore og avhending av eit dotterselskap. Dei fleste av bankens eigedomsengasjement er no avhenda, og banken forventar normaliserte tap i åra framover.

Eit av banken sine engasjement innan offshorebransjen vert avslutta i fjerde kvartal og alle forhold relatert til dette er ført i tredje kvartal. Det er ikkje registrert nye hendingar som gir grunnlag for nye avsetningar for bransjen.

Totale avsetningar for tap er balanseført til 78,2 mill. kr mot 55,1 mill. kr same tid i fjor. Dette utgjer 1,07 % av utlån. Banken har såleis bygd opp ein solid buffer for moglege tap. Brutto tapsutsette engasjement syner ein tilbakegang på 1,5 mill. kr dei siste 12 månader.

Emisjon

Bankens generalforsamling vedtok 21. juni 2017 å gjennomføre ein emisjon av eigenkapitalbevis i banken på mellom 50 og 100 mill. kr. Teikningsperioden var 4.-18. september 2017. Emisjonen vart overteikna med 46 % og per 28. september var det innbetalt 100 mill. kr ved utsteding av 1 mill. eigenkapitalbevis à kr 100 fordelt på 367 eigekapitalbeviseigarar.  

-         Det er gledeleg at det var så stor interesse for å bli eigenkapitalbeviseigar i vår bank, kommenterer Stig Brautaset. Det vil bidra til at vi kan binde saman
banken si utvikling med vårt lokalmiljø og danne grunnlag for å vere ein solid og effektiv bank i vårt virkeområde.

Nøkkeltal 3. kvartal 2017

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor.

  • Resultat før skatt er 65,1 mill. kr (88,7 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastninga etter skatt for konsernet er 8,1 % (12,7 %)
  • Kostnadsprosenten i konsernet er 52,9 % ( 47,0 %)
  • Netto provisjons- og andre inntekter utgjer: 60,9 mill. kr (65,4 mill. kr)
  • Netto avkastning på finansielle investeringar er 28,0 mill. kr (47,1 mill. kr)
  • Tap på utlån tredje kvartal er på 22,4 mill. kr ( 18,2 mill. kr) og medan aksjar er nedskrivne i konsernet med 3,2 mill. kr (5,1 mill. kr)
  • Utlånsvekst siste 12 månader eks. overføring til SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt er på 306,72 mill. kr (250,6 mill. kr)
  • Innskotsvekst siste 12 månader 141,8 mill. kr (223,7 mill. kr)
  • Forvaltningskapitalen i konsernet er på 8.544 mill. kr (8.389 mill. kr)
  • Kapitaldekning konsolidert er 21,06 % (16,18 %)
  • Rein kjernekapitaldekning konsolidert er 17,57 % (14,13 %)

Pressekontakt

Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448