Vellykka emisjon i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har gjennomført ein emisjon av eigenkapitalbevis på 100 mill. kroner. 

20. september 2017

 

Eigenkapitalen styrka i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har gjennomført ein emisjon av eigenkapitalbevis på 100 mill. kroner. Styret har i dag vedteke den endelege tildelinga av eigenkapitalbevis. Å få inn ekstern eigenkapital i tillegg til banken sitt opparbeida Sparebankfond, er ei ny fase i banken. Styrka eigenkapital gir eit godt grunnlag for at banken kan vekse og oppretthalde ein god aktivitet i lokalområdet, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Banken hadde ei garantert minsteteikning på kr. 50 mill.,men hadde ambisjon om å oppnå teikningar på til saman kr. 100 mill. Teikningsperioden var frå 4. til 18. september 2017. 

Emisjonen overteikna med over 40%

Det har vore ei svært god interesse for å teikne.  Dei siste dagane av teikningsperioda var det eit skikkeleg trykk. Oppteljinga viser ei samla teikning på godt over kr. 140 mill., som betyr ei overteikning på over 40%.

Responsen har vore fantastisk, og vi er svært nøgde både med beløpet som vart teikna og det store talet på personar/bedrifter som har teikna, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Populært

Det har vore hektisk aktivitet og over 365 privatpersoner og bedrifter har teikna eigenkapitalbevis i banken. Vi er overvelda av responsen og er tilfreds med den gode spreiinga på mange lokale interessentar som viser interesse for SpareBank 1 Søre Sunnmøre og ser desse eigenkapitalbevisa som ei god og trygg investering, seier Brautaset og held fram med at den solide forankringa i lokalmarknaden betyr mykje for banken si vidare satsing. Kven som har teikna eigenkapitalbevis kan vi dessverre ikkje gå ut med i dag. Dette må vi få kome tilbake til, seier Brautaset.

Gjennomføring

I løpet av september vert tildelinga gjennomført og registrert. Melding om tildeling til dei nye eigarane av eigenkapitalbevisa vert sendt i dag.  Lista over dei største aksjonærane vert lagt ut på banken sine heimesider 29.september 2017. 

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har engasjert SpareBank 1 Markets AS som tilretteleggar og Advokatfirmaet Selmer som juridisk rådgjevar i Emisjonen. 

Pressekontakt

Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448