Havila Holding AS kjøper Hotell Ivar Aasen

Familien Sævik kjøper gjennom selskapet Havila Holding AS 100% av aksjane i Hotell Ivar Aasen av SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Banken har eigd hotellet sidan 2013.

30. juni 2017

- Vi er glade for at ein profesjonell aktør innan eigedom og hotelldrift no tek over hotellet. Vi i SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal vere gode på å drive bank, ikkje hotell, seier Stig Brautaset.

Havila Holding AS overtek hotellet per 30.6.2017. Havila Holding AS eig frå før 45% av aksjane i Fosnavåg Vekst AS, som er eigedomsselskapet til Thon Hotel Fosnavåg.

- Vi ser ein sterk vekst innan turisme, med stadig meir kvalitetsbevisste gjestar. Gjestane vil ha kvalitet og opplevingar med fjord og fjell, og er villig til å betale for dette, seier Per Sævik.

Gunther Dahler, som er direktør ved Thon Hotel Fosnavåg, ser det som svært positivt å ha med ein eigar som ser dei fantastiske mulegheitene som ligg i denne regionen, og som no vil vere med på den vidare utviklinga av regionen. Hjørundfjorden har eit enormt turistpotensiale, det same har merkevara Sunnmørsalpane. Ser vi dette i samanheng med reiselivsmeldinga som nettopp kom – der fokus er kulturturisme og korleis vi kan skape reiselyst til Norge, i Norge og stimulere til å oppleve Noreg heile året – så har Hotell Ivar Aasen ei unik beliggenheit, seier Gunther Dahler.

I tillegg til turisme er kurs og konferanse ein viktig marknad med betydeleg potensiale for den nye eigaren.

Arbeidet med å tilsette ny dagleg leiar ved hotellet er no inne i siste fase. Arbeidet med å «shine opp» hotellet og utvide hotellproduktet vil halde fram.

Kontaktpersonar:

Stig Brautaset, Adm. direktør SpareBank 1 Søre Sunnmøre, mobil 90 82 64 48

Per Sævik, Havila Holding AS, mobil 90 59 29 14

Gunther Dahler, Thon Hotel Fosnavåg, mobil 92 24 56 49

 

Gunter Dahler, Per Sævik, Stig Brautaset, Thomas Lundberg og Njål Sævik

F.v. Gunter Dahler, Per Sævik, Stig Brautaset, Thomas Lundberg og Njål Sævik