Eit godt tredje kvartal

SpareBank 1 Søre Sunnmøre kan vise til auka vekst og reduserte tap i tredje kvartal.

14. november 2018

Per 30. september 2018 enda resultatet før skatt på 84,2 millioner kroner. Dette er 19,2 mill. kroner betre enn i same periode i fjor, ein vekst som reflekterer god drift og reduserte tap. Eigenkapitalavkastninga etter skatt blei på 8,4 prosent og tap på utlån var på 9,2 mill. kroner, mot 22,4 mill. kroner i same periode i fjor. Driftskostnadane i konsernet enda på 98,3 mill. kroner, ei redusering på 3,6 mill. kroner samanlikna med same periode i fjor. Dette er hovudsakeleg knytt til reduksjon av dotterselskapa sine kostnadar. Det tilsvarer ein kostnadsprosent på 51 prosent.

- Banken er inne i ei god utvikling og vi tek marknadsandelar, seier adm. direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, og legg til:

- Vi investerer i kompetanse og tilpassar organisasjonen nye utfordringar i ein bransje i omstilling. Samtidig har vi gjort naudsynte tiltak for å bli ein kostnadseffektiv bank. Vi har styrka vårt fokus på små og mellomstore bedrifter på Søre Sunnmøre, og vil ha ein markant vekst i bedriftsmarknaden framover, seier Brautaset.


Auka marknadsandel

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har den siste tida auka marknadsandelen på Søre Sunnmøre. Utlånsveksten dei siste 12 månadane er på 7,8 prosent og veksten i personmarknaden er på heile 9,9 prosent. Banken har også ein positiv vekst på utlån i bedriftsmarknaden.

- Aktivitetsnivået i bankens marknadsområde er høgt og utsiktene positive for dei fleste næringane. Det er forventa at den positive utviklinga vil fortsette. Utviklinga i bustadmarknaden er stabil og arbeidsløysa har samla sett falt kraftig. Vi trur etterspørselen etter lån frå privat- og næringskundar vil vere aukande også i tida framover.

Nøkkeltal per 3. kvartal 2018

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor

  • Resultat før skatt: 84,2 mill. kroner (65,1 mill. kroner)
  • Eigenkapitalavkastning etter skatt for konsernet: 8,4 prosent (8,1 prosent)
  • Kostnadsprosent i konsernet: 51 prosent (50 prosent)
  • Netto provisjons- og andre inntekter: 54 mill. kroner (61 mill. kroner)
  • Netto avkastning på finansielle investeringar: 35,9 mill. kroner (27,9 mill. kroner)
  • Tap på utlån: 9,2 mill. kroner (22,4 mill. kroner)
  • Utlånsvekst siste 12 mnd inkl. overføring til SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt: 598 mill. kroner (371 mill. kroner)
  • Innskotsvekst siste 12 mnd: 693 mill. kroner (141 mill. kroner)
  • Forvaltningskapitalen i konsernet: 9.180 mill. kroner (8.544 mill. kroner)
  • Kapitaldekning konsolidert: 21,1 prosent (21,06 prosent)
  • Rein kjernekapitaldekning konsolidert: 17,08 prosent (17,57 prosent)
Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448