Godt resultat og styrka soliditet for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har eit konsernresultat i 2017 på 93,7 mill. kroner mot 91,9 mil. kr i 2016. Eigenkapitalavkastning blei på 9,9 % mot 11,3 % i 2016.

15. februar 2018

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har eit konsernresultat i 2017 på 93,7 mill. kroner mot 91,9 mil. kr i 2016. Eigenkapitalavkastning blei på 9,9 % mot 11,3 % i 2016. Forvaltningskapitalen er auka med om lag 290 mill. kroner i 2017 til 11,0 mrd. kr inkludert sal av lån til SpareBank 1 Boligkreditt AS og SpareBank 1 Næringskreditt AS.

- Vi er godt nøgde med å levere eit solid resultat  og at vi har fått styrka banken sin soliditet i vesentleg grad. Dette gir oss evne til å vekse og utvikle banken vidare, seier Administrerande Direktør Stig Brautaset. Banken er inne i ein omstillingsprosess der vi tilpasser oss dei endringane som skjer i banknæringa. Dei tilsette bidreg til utviklinga med eit aktivt og målretta arbeid. 

Vekst i personmarknaden

Samla utlån inkludert SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt vokse med 4,8 % i 2017. Utlånsveksten på personmarknaden i år er på 6,5 %.

- Banken aukar godt på personmarknaden og det viser at banken framstår som ein attraktiv bank for kundane i vårt område, seier Brautaset. På bedriftsmarknaden har det har vore ein reduksjon i utlån på områder som vi ikkje definerer som vår primærmarknad.  Dette har vore ein klar strategi gjennom 2. halvår 2016 og gjennom 2017. Vi vil framover ha vårt hovedfokus inn mot små og mellomstore bedrifter med totalkundeforhold.

Effektiv drift

Netto renteinntekter utgjer 139,1 mill. kroner, tilsvarande 1,65 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital, mot 131,7 mill. kroner og 1,56 % i 2016. Dette er ei auke på 5,6 % frå 2016. 

Avkastning på finansielle plasseringar har eit resultatbidrag på 38,3 mill. kroner, mot 56,3 mill. kroner i 2016. I 2016 hadde banken ekstraordinære inntekter på om lag 18,5 mill. kroner i gevinst på verdipapir og utbytte.

Driftskostnadane er auka med 1,6 mill. kroner, men korrigert for ekstraordinær avsetning til sluttpakkar for førtidspensjonering på 5,5 mill. kroner og den nyleg innførte finansskatten på 2,5 mill. kr så er  kostnadane lågare samanlikna med same tid i fjor. Kostnadsprosenten utgjer 49,2 % (45,8 %).

- Det har vore sterkt fokus på å vidareutvikle organisasjonen og å ha den kompetanse som er naudsynt for å drive effektivt og levere gode tenester for å vere ein attraktiv partner for våre kundar. Vi har gjennom 2017 rekruttert inn fleire nye personar med solid og framtidsretta kompetanse, uttaler Brautaset. 

Banken har i 2017 bokført 19,8 mill. kroner i tap på utlån mot 32,9 mill. kroner i 2016. Tap i 2017 består i hovudsak av tap ved avgang av eit offshoreengasjement og ved sal av eit
dotterselskap. Banken har også gjort nedskrivning av aksjeverdi knytta til dotterselskap. 

- Banken har lagt seg på ei forsiktigheitslinje med omsyn avsetninger for moglege tap. Næringslivet i vår region ser ut til å klare seg godt og vi forventar normaliserte tap framover
etter nokre år med opprydding, konsolidering og avhending av eigedomsengasjement, seier Brautaset i ein kommentar.

Banken har ein ambisjon om å kome heilt ut av eigedom i løpet av kort tid.

 

Emisjon

Banken si generalforsamling vedtok 21. juni 2017 å gjennomføre ein emisjon av eigenkapitalbevis på mellom 50 og 100 mill. kroner Teikningsperioden var 4.-18. september 2017. Emisjonen vart overteikna med 46 % og per 28. september var det innbetalt 100 mill. kroner ved utsteding av 1 mill. eigenkapitalbevis à kr 100 fordelt på 367 eigekapitalbeviseigarar.

Det er foreslått utbytte til eigenkapitalbeviseigarane på 1,52 kroner per bevis, tilsvarande årleg avkastning på 6 % når ein justerer for den tid dei har hatt kapital i banken.

- Det er gledeleg at interessa var så stor for å bli eigenkapitalbeviseigar i vår bank, kommenterer Brautaset. Det vil bidra til at vi kan binde saman banken si utvikling med vårt lokalmiljø og danne grunnlag for å vere ein solid og effektiv bank i vårt virkeområde. 
 

Soliditet

Konsolidert utgjer kapitaldekninga 21,85 % mot 16,92 % i 2016. Rein kjernekapital i konsernet er på 18,49 % (15,11 %). Dette er ei vesentleg betring frå tidlegare og vi ligg no godt over dei regulatoriske krava.  

- Det vil fortsatt vere fokus på godt bankhåndtverk og kostnadseffektiv drift. Vi har eit solid grunnlag for å skape ein balansert og god vekst på utlån på det rette kundegrunnlaget, uttalar Brautaset vidare.

Nøkkeltal konsern 2017

Tal i parentes er for 2016.

  • Resultat etter skatt er 93,7 mill. kr (91,9 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastninga etter skatt er 9,9 % (11,3 %)
  • Netto renteinntekter er 139,1 mill. kr (131,7 mill. kr) 
  • Netto provisjon- og andre inntekter er 79,4 mill. kr (84,5 mill. kr)
  • Netto avkastning på finansielle investeringar er 38,3 mill. kr (56,3 mill. kr)
  • Kostnadsprosent er 49,2 % (45,8 %)
  • Tap på utlån og garantiar er 19,8 mill. kr (32,9 mill. kr)
  • Utlånsvekst inklusiv overføring til SpareBank 1 Boligkreditt AS og Næringskreditt AS er 445,2 mill. kr (299,8 mill. kr)
  • Innskotsveksten er 201,2 mill. kr (355,9 mill. kr)
  • Forvaltningskapitalen er på 8.611 mill. kr (8.368 mill. kr)
  • Kapitaldekning er 21,85 % (16,92 %)
  • Rein kjernekapitaldekning er 18,49 % (15,11 %)
Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448