Solid utvikling for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Solid utvikling for SpareBank 1 Søre Sunnmøre i 1. kvartal 2018. Etter første kvartal fekk banken eit totalresultat før skatt på 27,2 mill. kr mot 21,6 mill. kr i fjor på same tid.  Eigenkapitalavkastninga er på 9,9%. 

15. mai 2018

Banken presterer godt på dei fleste område, og vi har såleis fått ein god start på året. Utsiktene i regionen vår er gode, og det ligg til rette for framleis god utvikling for 2018. 

Vekst vidare

Forvaltningskapital er på 11,2 mrd. kr inkludert sal av lån til SpareBank 1 Boligkreditt AS og SpareBank 1 Næringskreditt AS. Samla utlån inkludert SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt har vakse med 1,4 % i 2018. 

Utlånsvekst på personmarknaden i dette kvartalet er på 4,4 % på årsbasis. 12-månaders-veksten i personmarknaden er på heile 7,5 %. Innskotsveksten dei siste 12 månader er på 5,7 %. Innskotsdekning er på 80,0 % mot 80,9 % same tid i fjor.

- Det er stor aktivitet i personmarknaden, og banken aukar sin marknadsandel i dette segmentet. Vi har særs positiv utvikling i det vi definerer som ytre region (ytre Søre Sunnmøre), og er særs tilfredse med dette. Banken framstår som konkurransedyktig, og organisasjonen arbeider målretta og godt i alle våre marknadsområde, seier adm. dir. Stig Brautaset. På bedriftsmarknaden satsar banken primært på små og mellomstore bedrifter, og vi ser for oss vekst på dette området framover.

God soliditet

Rein kjernekapitaldekning ved utgangen av første kvartal 2018 er for konsernet på 16,86 % (13,74 %) og for morbanken er den på 16,43 % (13,42%). Dette er godt over det regulatoriske kravet på 15,1 %, som er inkludert Pilar-2 tillegget.

- Med bankens gode status på soliditet, har SpareBank 1 Søre Sunnmøre gode føresetnader for vekst, framheld Stig Brautaset.

Effektiv drift

Det er sterk konkurranse i marknaden, og banken er tilfreds med å betre rentenettoen med 1,1 mill. kr til 33,7 mill. kr. Den tøffe konkurransen på personmarknaden legg press på utlånsmarginen. Samtidig vil stigande pengemarknadsrente bidra negativt ved at bankens må betale meir for innlåna.  Dette kan gi signal om redusert rentenetto framover dersom bankane ikkje vel å justere utlånsrenta tilsvarande.

Driftskostnader er redusert med 0,9 mill. kr. i konsernet og enda på 33,0 mill. kr., og kostnadsprosenten er 49,1 % ved utgangen av første kvartal mot 54,7 %  på same tid i fjor. Færre dotterselskap bidreg til ein kostnadsreduksjon på 3,9 mill. kr., medan morbanken har auka kostnadene med 3 mill. kr. Personalkostnader i morbanken er auka med 1,1 mill. kr som følge av ein auke i talet på årsverk. Utover i 2018 vil desse bli reduserte grunna sluttpakkar som vart inngåtte i 2017. 

- Vi har god bankdrift og arbeider med å få skape gode kundeopplevingar, seier adm. dir. Stig Brautaset. Banken arbeider med å tilpasse organisasjonen med fokus på rett kompetanse, dimensjonering og organisering for dei framtidige utfordringane banken står overfor. Det er venta at det vert konkludert på dette området i andre kvartal.

Netto avkastning på finansielle eignelutar er auka i hovudsak ved at det er ført utbytte på 10 mill. kroner i dette kvartalet, der det tidlegare år var ført i seinare kvartal.

Resultatrekneskapen er belasta med 3,1 mill. kr i tap. (1,1 mill. kr). Dette utgjer 0,17 % av brutto utlån ved utgangen av 1. kvartal 2018. Det er forventa normaliserte tap i tida framover, etter nokre år med relativt store tap/tapsavsetnader. 

- Vi har arbeidd mykje med å rydde opp i engasjement inngått tilbake i tid. Dette har vi lukkast godt med. Kvaliteten i utlånsportefølje blir vurdert som god.  Våre engasjement innanfor offshore har hatt ei positiv utviking, og stigande oljepris og auka aktivitet har gitt næringa eit meir positivt framtidssyn.

Nøkkeltal per 1. kvartal 2018

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor

  • Resultat før skatt er 31,2 mill. kr (27,1 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastninga etter skatt for konsernet er 9,9 % (9,5 %)
  • Kostnadsprosenten i konsernet er 49,1 % (54,7 %)
  • Netto provisjons- og andre inntekter utgjer: 19,6 mill. kr (20,2 mill. kr)
  • Netto avkastning på finansielle investeringar er 14,1 mill. kr (9,2 mill. kr)
  • Tap på utlån første kvartal er på 3,1 mill. kr (1,0 mill. kr)
  • Utlånsvekst siste 12 månader eks. overføring til SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt er på 573,3 mill. kr (209,5 mill. kr)
  • Innskotsvekst siste 12 månader 321,8 mill. kr (351,6 mill. kr)
  • Forvaltningskapitalen i konsernet er på 8.728 mill. kr (8.312 mill. kr)
  • Kapitaldekning konsolidert er 21,07 % (16,91 %)
  • Rein kjernekapitaldekning konsolidert er 16,86 % (13,74 %)
Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448