Solid utvikling for SpareBank 1 Søre Sunnmøre i 1. halvår 2018

Første halvår fekk banken eit totalresultat før skatt på 62,4 mill. kr mot 39,1 mill. kr i fjor på same tid og eigenkapitalavkastninga er på 9,7 %.

15. august 2018

Banken presterer godt på dei fleste område, spesielt har vi god effekt av lågare tapsavsetnader i 2018 mot 2017, og vi har soleis fått ein god start på året. Utsiktene i regionen vår er gode, og det ligg til rette for framleis god utvikling for 2018. 

God vekst

Forvaltningskapital er på 11,5 mrd. kr inkludert sal av lån til SpareBank 1 Boligkreditt AS og SpareBank 1 Næringskreditt AS. Samla utlån inkludert SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt har vakse med 3,6 % i 2018. 12-månaders-veksten i personmarknaden er på heile 6,7 %. Innskotsveksten dei siste 12 månader er på 5,7 %. Innskotsdekning er på 81,5 % mot 82,0 % same tid i fjor.
- Det er stor aktivitet på personmarknaden, og banken aukar sin marknadsandel i dette segmentet. Vi har særs positiv utvikling i det vi definerer som ytre region (ytre Søre Sunnmøre), og er veldig tilfredse med dette. Banken framstår som konkurransedyktig, og organisasjonen arbeider målretta og godt i alle våre marknadsområde, seier adm. dir. Stig Brautaset. På bedriftsmarknaden satsar banken primært på små og mellomstore bedrifter, og vi ser for oss vekst på dette området framover.  
 

God soliditet

Rein kjernekapitaldekning ved utgangen av andre kvartal 2018 er for konsernet på 17,41 % (14,95 %) og for morbanken er den på 16,95 % (14,64 %). Dette er godt over det regulatoriske kravet på 15,1 %, som inkluderer Pilar-2 tillegget.
- Med bankens solide posisjon på soliditet, har SpareBank 1 Søre Sunnmøre gode føresetnader for vekst, framheld Stig Brautaset.
 

Effektiv drift

Banken har eit sterkt fokus på effektivisering og forenkling. Banken har iverksatt tiltak for å redusere antal årsverk i banken. Det er i 2017 og 2018 inngått avtaler om arbeidsopphør og førtidspensjonering av tilsette og det er i dette kvartalet kostnadsført 4,5 mill. kroner i estimat på framtidige kostnadar. Tilsvarande kostnad i 1. halvår i fjor var 5,5 mill kr. Avtalane har varierande lengde. Desse tiltaka får kostnadsreduserande effekt gjennom 2018 og 2019. Banken har ein ambisjon om ein kostnadsprosent ned mot 40 og kunne drifte banken med færre årsverk enn ein har i dag. Organisasjonen er no organisert slik at ein kan takle vekst utan auke i årsverk.

Driftskostnader er redusert med 4,9 mill. kr. i konsernet og enda på 67,9 mill. kr., og kostnadsprosenten er 50,6 % ved utgangen av første kvartal mot 55,2 %  på same tid i fjor. Korrigert for ekstraordinær kostnad knytt til sluttpakker er kostnadsprosenten 47,2%. 
- Vi har god bankdrift og legg vekt på å skape gode kundeopplevingar i alle kanalar, seier adm. dir. Stig Brautaset. Banken har arbeidd med å tilpasse organisasjonen med fokus på rett kompetanse, dimensjonering og organisering for dei framtidige utfordringane banken står overfor. Det er venta at dette vil få full effekt utover i 2018. 
 

Lønsemd

Det er sterk konkurranse i marknaden og ei stigande pengemarknadsrente bidreg til press på bankens rentemargin. Rentenettoen viser likevel ein oppgang på 0,4 mill kr til 67,6 mill kr. 

Netto avkastning på finansielle eignelutar er auka med 6,7 mill. kroner og i hovudsak er bokført oppskriving av aksjar med 7 mill. kroner i dette kvartalet i samband med føreståande fusjon mellom Vipps, BankID og BankAxept.

Resultatrekneskapen for andre kvartal er belasta med 0,9 mill. kr i tap. (15,7 mill. kr) og hittil i år er tap på utlån på 4 mill. kroner  (16,8 mill. kr). Årets tap på utlån utgjer 0,1 % av brutto utlån ved utgangen av 1. halvår 2018.  Det er forventa normaliserte tap i tida framover, etter nokre år med relativt store tap/tapsavsetnader.
- Vi har arbeidd mykje med å rydde opp i engasjement inngått tilbake i tid. Dette har vi lukkast godt med. Kvaliteten i utlånsportefølje blir vurdert som god. Våre engasjement innanfor offshore har hatt ei positiv utviking, og stigande oljepris og auka aktivitet har gitt næringa eit meir positivt framtidssyn.

Nøkkeltal per 2. kvartal 2018

Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor

  • Resultat før skatt er 62,4 mill. kr (39,1 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastninga etter skatt for konsernet er 9,7 % (7,1 %)
  • Kostnadsprosenten i konsernet er 50,6 % (55,2 %)
  • Netto provisjons- og andre inntekter utgjer: 37,1 mill. kr (41,9 mill. kr)
  • Netto avkastning på finansielle investeringar er 29,6 mill. kr (22,9 mill. kr)
  • Tap på utlån er på 4,0 mill. kr (16,8 mill. kr)
  • Utlånsvekst siste 12 månader inkl. overføring til SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt er på 506 mill. kr (329 mill. kr)
  • Innskotsvekst siste 12 månader 340,8 mill. kr (362,1 mill. kr)
  • Forvaltningskapitalen i konsernet er på 9.061 mill. kr (8.534 mill. kr)
  • Kapitaldekning konsolidert er 21,62 % (18,34 %)
  • Rein kjernekapitaldekning konsolidert er 17,41 % (14,95 %)
Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448