Ny Informasjons- og kommunikasjonsrådgjevar

Veronica Kvalen Pilskog er tilsett som informasjons- og kommunikasjonsrådgjevar i banken.

17. august 2018

Veronica er 27 år og kjem opphaveleg frå Brandal, men er i dag busett i Volda. Ho kjem frå stillinga som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen i Volda og har også nyttig realkompetanse gjennom arbeid for Innotown i Ålesund og verv som styreleiar i Kommunikasjonsforeininga i Møre og Romsdal. Ho er utdanna innan PR, kommunikasjon og mediafag og er i ferd med å gjennomføre ein master i praktisk mediefag. I tillegg har ho eit årsstudium i økonomi og leiing frå Høgskulen i Ålesund.

Tilsettinga vil medføre at banken får styrka kompetanse og ressursar innanfor informasjon og kommunikasjon og dette vil vere ei viktig drivkraft for å oppretthalde og vidareutvikle banken. Veronica er også svært glad i fjell og friluftsliv. Ho er m.a. aktiv med klatring, og ho vil difor passe godt inn i det aktive friluftslivsmiljøet som er i banken.

Veronica tek til i stillinga i løpet av oktober og Adm. direktør Stig Brautaset seier i ein kommentar at han ser fram til at Veronica blir med på laget og han har forventningar til at Veronica kan vere med på å ta banken eit steg vidare for å styrke posisjonen som ein sjølvstendig og solid lokalbank i ei ny og digital tid.Volda, den

Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448