Renteendring

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har i dag vedteke å auke utlåns- og innskotsrenta med inntil 0,25 prosentpoeng.

28. september 2018

- Det har lenge vore forventa ei heving av styringsrenta frå Noregs Bank. Dette har over tid leia til ei gradvis auke i pengemarknadsrenta. Vi trur dei fleste raskt vil kunne innstille økonomien på ei noko høgare rente framover. Samtidig er vi tilgjengeleg med våre rådgjevarar til dei som vil ha rådgiving rundt det å handtere auka rentekostnadar framover. SpareBank 1 Søre Sunnmøre er inne i ei periode med solid vekst og vi er trygge på at vi fortsatt framstår som ein attraktiv og konkurransedyktig bank, seier banksjef for personmarknaden Andre Skotheim.

Rentejusteringa for eksisterande kundar vil vere effektiv frå 12.november 2018. Alle kundar som får renteendring vil motta brev eller informasjon i nettbanken om korleis renteendringa påverkar deira lån.

Ny beste bustadlånsrente vert 2,35 %, på bustadslån til LO medlemmar under 34 år.

Renta på innskotsprodukt vil justerast med inntil 0,25 prosentpoeng frå 12. november 2018. 

Stig Brautaset
Adm. direktør
90826448
Andre Skotheim
Banksjef personmarknad
48017909